Det er ikkje alle som gjer råd til dei som styrer i det offentlege som får æra for kva dei gjer. Likevel blir det gitt råd kvar einaste dag til ulike instansar.

Havforskningsinstituttet har ein eigen rådgjevingspris, som dei delte ut i forrige veke. Den var det Bjørn Ådlandsvik, som fekk.

Han får prisen for rådgjevinga om produksjonsområde for akvakultur, som vart oversendt Nærings- og fiskeridepartementet vinteren 2015. I forslage foreslår instituttet at det vert oppretta elleve produksjonsområde, skriv HI på sine nettsider.

«Arbeidet har  vore i ei særstilling, det er brukt avansert matematisk kunnskap og i heile prosessen har prisvinnaren hatt god kommunikasjon med forvalting og næring», står det å lesa i grunngjevinga for prisen.