Forskarane har tidlegare vist at hyselarvar ikkje berre haikar med straumen, men at de sym nordvest ved hjelp av eit innebygd kompass, slik ål også gjer. No har dei også testa silda si retningssans.

Sumde på måfå

– Når vi manipulerer himmelretningane i magnettanken, sym sildelarvane på måfå. Dei viser ikkje teikn til å ha noko innebygd kompass, forklarer havforskar Alessandro Cresci i ein artikkel på Havforskingsinstituttets nettsider.

– Men når vi plasserer sildelarvane i eit gjennomsiktig kammer som driver fritt i sjøen, er situasjonen ein annan. Dei sym sør mot sola, fortset han.

På solrike dagar sumde gjennomsnittssilda sørover, mot gjennomsnittsvinkelen til sola.

På overskya dagar, heldt dei ein mindre presis kurs søraust, opplyser Havforskingsinstituttet.

Resultata er publiserte i ein artikkel i Journal of Experimental Marine Biology and Ecology.

Mindre vandring i sør

– Larvane i eksperimentet stammar frå sild som er samla inn utanfor Bergen. Silda i Sør-Noreg gjer ikkje store vandringar, som silda i nord. Trangen til å sym søraustover, kan vere til for å motverke at kyststraumen tar dei med seg vekk frå fødestaden, forklarar Cresci.

Silda i nord gyter i bakevjene mellom kyststraumen sine to «filar». Forskarane spekulerer i om den same mekanismen kan hjelpe nordleg sild med å hoppe på kyststraumen.

– Den kystnære fila er raskast og vil kunne gi sildelarvane eit godt avspark når dei skal starte beitevandringa si nordover, seier forskaren.