Det skriv Fiskebåt, interesse- og arbeidsgivarorganisasjon for den norske havgåande fiskeflåten i ei pressemelding fredag.

- Stor siger

- Dette er ein stor siger for Fiskebåt som har jobba aktivt for at det ikkje skulle bli gitt ytterlegare utsetting, skriv forbundet i meldinga.

Ein stor del av grunnlaget for konsesjonen som blei gitt for 12 år sidan, er utdatert, meiner Fiskebåt. Havsul I er planlagt i eit svært viktig gytefelt for norsk vårgytande sild og andre fiskeartar.

- Ein trussel

- Ei utbygging i dette området ville utgjere ein stor trussel mot både gyting og fiskeriinteressene. Vi håpar vidare at dette avslaget er eit signal om at styresmaktene framover vil ta meir omsyn til fiskeriinteressene i samband med vindkraftkonsesjonar, seier informasjonsleiar i Fiskebåt, Odd Kristian Dahle.