Som følgje av koronasituasjonen blir det ei omlegging av arbeidet med bestandsrådgivinga i ICES ­— Det internasjonale råd for havforsking. Det melder Havforskingsinstituttet.

I alle fall fram til 1. juli vil alt rådgivingsarbeid skje utan fysiske møte, men sjølve råda kjem stort sett til å bli gjeve som før om åra.

Kan gjera bestandsvurderingane

— Stort sett har vi fått samla inn dei data vi treng for å vurdera bestandane. Det er data frå tokt siste år og fangststatistikken for 2019. Det kan oppstå visse utfordringar med å få levert data i tide, dette gjeld både norske data og data frå andre land, fortel Bjarte Bogstad, som er norsk representant i ICES’ rådgivande komité (ACOM) i ein artikkel på instituttets nettsider.

Som planlagt

Forskingsdirektør Geir Huse seier at det no kjem godt med at ICES har gode rutinar for å handtera kansellerte tokt og seinare dataleveransar.

— Dei fleste råda går som planlagt, men for kolmule er datagrunnlaget dårlegare fordi det viktigaste toktet blei avlyst. Vi samlar inn prøvar frå dei pelagiske fiskeria som vanleg. Førebels har vi stoppa prøveinnsamlinga frå fiskemottak for botnfisk då dei har manglande tilgang på grunn av koronautbrotet, seier han.

Slik er situasjonen

For dei viktigaste bestandane for Noreg er situasjonen følgande, ifølge instituttet:

  • Nordsjøen/Skagerrak

Rådet for brisling vert offentleggjort 14. april og rådet for nordsjøsild vert offentleggjort 29. mai. Her kjem det kvoteråd som vanleg.

For tobis bruker Noreg eit nasjonalt råd og ikkje råd frå ICES. Tokt med Eros er inntil vidare planlagt å gå 23. april — 13. mai., og ein reknar med at det kjem eit nasjonalt kvoteråd rundt 15. mai. Dette rådet er ei oppdatering av det nasjonale rådet gitt tidlegare i år.

For sei, torsk, hyse og kviting i Nordsjøen kjem kvoterådet 30. juni.

  • Barentshavet/Norskehavet

Kvoteråda for nordaustarktisk torsk, hyse og sei, snabeluer, vanleg uer, blåkveite og kysttorsk nord for 62°N blir offentleggjort 16. juni. For blåkveite vil truleg rådet frå i fjor bli forlenga.

Når det gjeld dei pelagiske bestandane NVG-sild, kolmule, makrell og hestemakrell kjem råda først i september. Havforskingsinstituttet viser til at dei kjem attende med ei oppdatering om desse bestandane etter kvart.