Fiskeridirektoratet melder at vinnar av Fiskeridirektoratets miljøpris 2018 er Kenneth Bruvik frå Fjell i Hordaland. 

«I mange år har han vore spesielt opptatt av forsøpling av havet og kysten, og har skapt og vedlikehaldet eit stort engasjement både lokalt, nasjonalt og internasjonalt for å få merksemd omkring marin forsøpling», skriv direktoratet i ei pressemelding onsdag.

Prisen vart delt ut av fiskeriminister Harald T. Nesvik og fiskeridirektør Liv Holmefjord på Nor-Fishing i Trondheim.

– Forurensing av havet er ein stadig større trussel mot alt liv i havet, og engasjementet vinnaren av årets miljøpris har skapt og halde vedlike har gitt oss trua på at det nyttar – at vi kan snu ei ødeleggande utvikling og dermed redusere og fjerne forurensing til havet og på kysten, sa fiskeridirektør Liv Holmefjord ved tildelinga av miljøprisen.

Til dagleg er han tilsett i Hordaland Jeger og Fiskerforening der han i 1998 etablerte og framleis driftar TAM-prosjektet (Tryggheit, Ansvar, Mestring), som er eit tilbod til barn og unge som har ulike utfordringar i skulen og heime. I TAM-prosjektet får ungane lære naturbruk og får sosial kompetanse som vil kunne hjelpe dei i andre samanhengar.

Bruvik var dessuten programleiar i