Av dei 160 søkjarane kom 36 vidare til intervju. Forutan Katja Enberg er to forskarar frå Bergen (UiB) blant dei ti kvinnene og ti mennene som er plukka ut til det nye vitskapsakademiet.

Katja Enberg (38) leiar Program for Norskehavet på Havforskingsinstituttet, der ho har vore tilsett sidan 2007. Ho er opptatt av forskingspolitiske spørsmål – og då spesielt i eit likestillingsperspektiv.

– Kjønnsnøytrale likestillingstiltak er viktig for meg. Eg har sjølv erfart at ordningar spesielt mynta på kvinner kan verka mot si hensikt. I dag bidreg både menn og kvinner på heimebane. Då er det til dømes uheldig når prestisjefulle forskingsprosjekt gjev meir støtte til kvinnelege forskarar med born enn til mannlege kollegaer i same situasjon, seier ho.

Som leiar for Norskehavs-programmet møter Katja Enberg eit breitt spekter av folk utanfor akademia: fiskarar, representantar frå industri og anna næring, politikarar og ulike interesseorganisasjonar. Det har gjort ho spesielt medviten på kor viktig det er å formidla forsking og forskingsresultat på ein god måte.

– Eg trur vi kan unngå ein del skepsis mot forskarar og auka forståinga for kva forsking er dersom vi er ute og møter folk der dei er; gjerne allereie i barnehagen, seier ho.

Akademiet har si første samling i slutten av oktober. På sikt skal talet på medlemmer opp i 40, i tillegg til inntil 10 internasjonale forskarar. Medlemsskapet varer i fire år.