Ekstremt vintervêr, med heftig snøfall, har blitt meir vanleg i Aust-Asia, Nord-Amerika og i Europa. I ei tid med raske klimaendringar, smeltar arktisk sjøis og snødekke stadig fortare. 

For å minska den øydeleggande effekten av det ekstreme vinterværet er gode vêrmeldingar avgjerande.

Ny forsking, som vart publisert i Journal of Geophysical Research tidlegare i år viser at ein ved hyppigare observasjonar av vêrforholda i Arktisk kan føresjå store stormar som slår til på meir sørlege breiddegrader.

Det skriv På Høyden.

Innan klimaforskinga har fokuset lenge vore på tropane. Å fokusera på endringane i Arktis gjev ein moglegheit til å betra sesongvarsla, meiner forskar Jun Inoue frå det japanske polarinstituttet.

Fiskarar treng presise meldingar

Men observasjonar over Arktisk er vanskeleg å få til, på grunn av det tøffe klimaet.

I tillegg til å kunne føresjå ekstremvêr, kan observasjonar også betra varsla for sjøis – noko som påverkar skipstrafikken i Arktis.

– Det er også fleire fiskarar i området, og dei treng meir presise vêrmeldingar. Små syklonar er veldig farlege for fiskarar, det fører til sterk vind og høge bølger.

Neste steg er eit nytt stor internasjonalt prosjekt – MOSAiC, kor Noreg også deltek. Her skal ein tysk isbrytar driva med sjøisen i eitt heilt år, frå august 2019. Dette vil gje fleire observasjonar til dei japanske forskarane.

– Det blir svært nyttig, seier Inoue, men legg til at ein er avhengig av å auka observasjonsnettverka langs kysten også.

– Det er veldig vanskeleg å gå til Arktis kvart år, særleg om vinteren, me må få til fleire observasjonar langs kysten, inkludert Ny-Ålesund og Jan Mayen. No er det tilgjengeleg to gonger om dagen, men me vil prøva å få auka det, seier Inoue.