Med planane for Smart Fish Farm som det første oppdrettsanlegget for ope hav – har spørsmålet om kva for utstyr som krevst for offshore-oppdrett blitt aktualisert.

Salmar har no inne søknad om lokalitet for havfarmen Smart Fish Farm i Norskehavet utanfor Trøndelag.

Sjef for Salmar si offshore-satsing, Olav-Andreas Ervik, seier dei har sett for seg nokre krav som må vere oppfylt på brønnbåtar som skal jobbe ved havmerda.

– Me må ha ein brønnbåt med kapasitet på rundt 2000 tonn slakteklar laks.