Noreg er vertskap når fiskeriministrar frå heile verden måndag møtes i Oslo for å diskutere korleis dei skal førebygge og hindre ulovleg fiske.

Ulovlig fiske er ein omfattande, grenseoverskridande utfordring. FN organisasjonen FAO har estimert verdien av ulovleg fangst til å utgjere over 190 milliardar norske kronar årleg, eller om lag 15 prosent av verdens fiskefangster.

Norge har deltatt aktivt i arbeidet med å få på plass ein bindande internasjonal avtale i kampen mot ulovleg fiske. Meir enn 50 land vil vere representert måndag.

Fiskeriminister Per Sandberg vil opne møte.

Avtala om havnestatskontroll skal førebygge og hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Den har blitt framforhandla gjennom FNs organisasjon for ernæring og landbruk. 

Avtalen trådde i kraft 5. juni 2016 og har i dag 47 parter (EU er éin part).