New Havyard Ship Technology i Leirvik overleverte fredag nok eit vindmølleskip til danske ESVAGT, og Havyard stadfestar med det posisjonen som leiande innan spesialskip for havvind-industrien.
Det skriv Havyard i ei pressemelding.
Dette er skip nummer fire og design nummer åtte i det langvarige samarbeidet mellom to spydspissar i havvind-industrien.
Skipet som vart overlevert fredag er sist i ei rekordlang rekke, men også først i ein ny serie som skal leverast til ESVAGT. Samtidig med at dette skipet no er ferdiggjort, blir det arbeidd på det andre i rekka og det tredje er under slep og kjem til verftet i Leirvik rett over nyttår.
Arbeidet med utrustninga av skipet møtte ekstra utfordringar med koronapandemien, men prosjektleiar ved New Havyard Ship Technology, Jan-André Førde Systad seier samarbeidet med ESVAGT også denne gongen har vore svært bra.
Det er venta svært store investeringar i havvind over heile verda. I tillegg vert stadig fleire av havvind-parkane lagt lenger frå kysten. Dermed trengst det spesialiserte serviceskip.