Kiloprisen på tørka sjøpølse er no oppe i rundt 15.000 kroner kiloen, tre gangar meir enn då Møreforsking starta på forsking på sjøpølse i 2004/2005.

Det seier Margareth Kjerstad, forskar og ansvarleg for sjøpølseforskinga i Møreforsking, til Nett.no.

Eitt av prosjekta Møreforsking arbeider med å finne nye metodar for å fiske sjøpølsene. Etterspørselen er ikkje problemet, nøkkelen til ein kommersiell suksess er effektive fangstmetodar, ifølgje Kjerstad.

Forrrige veke presenterte dei sjøpølsesatsinga for fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) i forbindelse med klyngekonferansen NVE Blue Legasea.

Kjerstad vonar at resultat frå fangstforskinga kan vere klar alt til våren.

Møreforskingsjef Agnes Gundersen, anslår den moglege verdien av eit kommersielt sjøpølsefiske til å vere på fleire hundre millionar kroner i året.