Norsk fiskerinæring og arbeidsplassar på kysten vert sett i spel på grunn av kvotemelding og klimaplan, meiner ordførarane. Det kjem fram i ei tverrpolitisk pressemelding hos nettstaden ksu.no. Dei representerer både Høgre, Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Folkelista for Hareid kommune.

Eit historisk taktskifte i norsk klimapolitikk kan også fort bli eit historisk taktskifte i norsk fiskeri, skriv dei mellom anna om den varsla auka i CO2-avgifta. Dei trekk fram at norskfanga fisk har lågt CO2-avtrykk og at avgifta kan føre til at mange typar fiske ikkje lenger er lønsame.

Ordførarane meiner kvotemeldinga kan gjere det vanskeleg for fiskarar å starte med ein minre båt og jobbe seg oppover til ein større, og at det kan redusere investeringsvilje og rekruttering.

Dei skriv også: «Det kan ikkje førast ein politikk i dette landet som set 80.000 arbeidsplassar knytt til norsk fiskerinæring i spel.»