Riksrevisjonen kjem no med til dels skarp kritikk av den fiskeriforvaltninga som har vore dei siste 15 år. Riksrevisjonen har sjølvsagt stor autoritet som vaktbikkje for Storting og regjering. Men dei har likevel eit verktøy i verktøykassa som dei som utformar politikken ikkje har, nemleg etterpåklokskapen. Det er som kjent ein eksakt vitskap.

Gode hensikter

Dette verktøyet har ikkje verken organisasjonar eller politikarar. Med handa på hjartet hevdar eg at dei vedtak eg var med på i Fiskarlaget, var gjort med berre gode hensikter, men ikkje alt vart slik som vi tenkte.