Nyttårsforsett er eit uttrykt mål, ein plan eller eit ønske for det nye året. Det kan vere å byrje med noko, slutte å gjere noko, kutte uvanar, etablere nye vanar, auke ein ønska aktivitet eller minske ein uønskt, for å gi seg sjølv ein høgare livskvalitet, skriv Wikipedia.

Det høyrest litt meir avansert ut enn det treng å vere, tenker eg, og køyrer som mange andre på med friskt mot etter ei jul fylt med pinnekjøt, julepølser i alle former og fargar, tørre julekaker dyppa i julekaffi og sjokoladenisser.