Tankane går i første rekkje til familien, som betydde så mykje for han. Knut Frode sette alt inn på å lata etter seg dei fire barna Sondre, Erlend, Karoline og Bjørg Marit ein god arv som handla om meir enn pengar. Det målet nådde han: Ei solid oppdrettsbedrift med dyktige medarbeidarar. Kunnskap om, opplæring i, og utdanning til å føra arven vidare i næringa. Og historia om livsverket – Eide-familien og oppdrettseventyret – som kom ut i bokform i sommar. Eg fekk gleda av å følgja Knut Frode Eide og Eide Fjordbruk AS tett i vel eitt år fram til i vår og føra boka i pennen. 

Gründermentalitet

Han hadde ikkje nokon lett veg inn i oppdrettsnæringa og ingen sorgfri oppvekst, men han fekk med seg viktige verdiar og levereglar som følgde han resten av livet. Gleda over natur og friluftsliv og tilknytinga til heimstaden. Faren Knut Johan Eide var ikkje redd for å satsa på noko nytt, og forsvarsmannen var ein føregangsmann både innan saue- og hønsehald på småbruket Luren i Hålandsdalen før han i 1972 våga seg på regnbogeaure i Skogseidvatnet. Denne gründermentaliteten tok Knut Frode med seg.

Mora Bjørg Hjelmeland Eide leid av alvorleg diabetessjukdom og døydde då Knut Frode var 20 år. «Ikkje gje deg, Frode!» var oppfordringa han fekk med seg frå henne. Og den levde han etter heilt til det siste. Han hadde ein utruleg stå-på-vilje og nekta å gje opp, anten det handla om kampen mot staten for å få dei oppdrettskonsesjonane han meinte bedrifta hadde krav på, eller kampen mot kreftsjukdommen.

På merdkanten

Mange syns det var galskap, då Knut Frode Eide i 1984 sa opp ein godt betalt jobb på borerigg i Nordsjøen for å satsa for fullt på familieverksemda. Det vart dobla arbeidsmengd og halvert løn, men han hadde tru på oppdrettsnæringa, og var fast bestemt på at dette skulle han få til. I 1985 stifta far og son aksjeselskapet K.J. Eide Fiskeoppdrett A/S. Ei anna heilt avgjerande hending tidleg på 1980-talet var at Randi Herre kom inn i livet hans. Dei har vore eit utruleg sterkt team med mykje energi og enorm arbeidskapasitet. Dei starta med matfisk i Hardangerfjorden i 1988 og etablerte Eide Fjordbruk AS. Under oppbygginga kom dei fire barna, som meir og mindre voks opp på merdkanten.

Nytenkjande

Det har naturleg nok vore mykje hardt arbeid, og både oppturar og nedturar gjennom dei 30 åra Knut Frode Eide stod til rors i familiebedrifta. Han let seg ikkje knekkja av motgang – då er det tid for å bretta opp ermane og sjå seg om etter nye utvegar, meinte han. Noko av motivasjonen henta han frå idretten, som var ein viktig del av livet til familien Eide. Sjølv om Eide Fjordbruk AS var ein liten aktør dei første åra, var Knut Frode vaken, nytta seg av dei sjansane som baud seg, og følgde med i utviklinga. Han kjøpte fleire konsesjonar, og oppgraderte anlegg, flåtar og båtar. Han var nytenkjande og tok vanskelege, strategisk viktige val. Han var løysingsorientert og offensiv – bygde stein på stein, og var risikovillig på ein grundig måte.

Han hadde ein utruleg stå-på-vilje og nekta å gje opp, anten det handla om kampen mot staten for å få dei oppdrettskonsesjonane han meinte bedrifta hadde krav på, eller kampen mot kreftsjukdommen

Gaselle-bedrift

I 2009 etablerte Eide seg også i Nordhordland, då dei kjøpte ei anna familiebedrift Fyllingsnes Fisk. Dei søkte om nye konsesjonar. Då dei fekk avslag på søknaden, slo rettferdssansen inn for fullt hjå Knut Frode Eide. Han gjekk til sak mot staten – og vann fram. Stayeren frå Hålandsdalen gav seg ikkje, før selskapet i 2016 endeleg fekk hand om fire nye konsesjonar: Dei fekk kjøpa dei tre matfiskløyva dei hadde søkt om. I tillegg fekk dei eitt ekstra løyve kostnadsfritt for tapet dei hadde lide. Det var aldri aktuelt å ta imot økonomisk kompensasjon – Knut Frode hadde søkt om nye løyve for å utvida produksjonen. Og han var klar til å setja fisken i sjøen. Selskapet hadde no eitt forskingsløyve (FoU) og åtte kommersielle matfiskløyve i sjø i Hardanger og Nordhordland, og auka slakta biomasse med 77 % frå 2016 til 2017. Omsetninga er åttedobla dei siste fire åra. Dette har gjort selskapet til årets Gaselle-bedrift i Hordaland 2018 som den raskast veksande og mest vellukka bedrifta i fylket.

Ein ukueleg optimist

Det er ikkje berre høge lakseprisar, men òg gode verdiar og bevisst satsing på berekraft og kvalitet i alle ledd, som ligg til grunn for den eventyrlege suksessen. Knut Frode Eide var oppteken av god drift, gode lokalitetar, den beste rogna, det beste fôret og dei beste folka. Han var ingen kontormann og lika seg best med sjøsprøyt og vind i håret, ute der produksjonen skjedde, nær fisken og dei tilsette. Selskapet han har bygd opp og leia har dyktige medarbeidarar og godt omdøme. Dei har vunne ei rekkje prisar for framifrå produksjon, og i januar 2018 vart Knut Frode kåra til Årets namn 2017 innan fiskeri- og havbruksnæringa i Noreg. Knut Frode er heil ved – med godt humør, vart det sagt om han i grunngjevinga. «Da viktigaste er å ha da gøy!» har vore mottoet hans etter at sjukdommen ramma han i 2010. Han hadde ei unik evne til å sjå lys i tunnelen og var ukueleg optimist.

Levande bygder var ei hjartesak for Knut Frode Eide. Å vera med og skapa arbeidsplassar og gje økonomisk støtte til lagsaktivitet og gode møteplassar var hans måte å bidra til dette i kommunar der Eide Fjordbruk har drifta si.

Knut Frode Eide har sett spor etter seg, og me er mange som kjenner på både stor sorg og stor takksemd for alt han var og gjorde. Tankane går no til familien som sit att med det største saknet og sorga.

Fred over Knut Frode Eide sitt gode minne.