- Dette er historisk og eg fekk mest klump i halsen når båten runda Nordnes og kom innover Vågen med «Bergen» i hekken og fløyta, seier Carl Erik Arnesen til IntraFish.

zoomAdministrerande direktør Carl Erik Arnesen i Hav Line som eig båten.
Administrerande direktør Carl Erik Arnesen i Hav Line som eig båten.

Før dåpen laurdag var det open båt. Kor mange som nytta høvet til å sjå på verdas første slakteskip, har han ikkje tal på.

- Me hadde ein plan om å sleppe in ti og ti og gi dei ein guida tur, men det måtte me gi opp etter eit kvarter. Det var for mange. Kor mange som var her, veit eg ikkje, seier Arnesen.

zoomI fabrikken er det 14 slike sløyemaskinar.
I fabrikken er det 14 slike sløyemaskinar.

Skal tilsetje fleire i fabrikken

At det var mange var det ingen tvil om. Det var god trafikk alle dei fire timane båten var open, både laksefolk og andre skodelystne. Også ein del turistar, som truleg eigentleg skulle sjå Bryggen, let seg også imponere over den flytande laksefabrikken der laksen først blir tatt inn, bedøvd og bløgga og lagt i isvatn i rundt 20 minutt. Deretter går den gjennom ein av dei 14 store sløyemaskinane frå Baader som står om bord før laksen går vidare til ein av dei 10 tankane der laksen vert lagt i vatn som held minus ei halv grad.

- Der ligg den til den vert pumpa over til fabrikken i Hirtshals for så og bli pakka i kassar. I Hirtshals lossar me også ensilasjen, fortel Arnesen.

zoomBåten har eigen kinosal/møterom.
Båten har eigen kinosal/møterom.

Over 700 søkte jobb om bord i nyvinninga. No er alt maritimt personell tilsett. Fleire av dei kjem frå offshorenæringa.

- Det er ein veldig flott og spennande båt, seier kaptein Sigmund Våge som har jobba for offshorereiarlaget Eidesvik på Bømlo fram til han skifta jobb i sommar.

- Eg jobba litt på brønnbåt på 90-talet, men det var noko heilt anna enn det, seier han.

Overstyrmann Rita Birknes Stendal jobba i Hordafor før ho i august begynte på «Norwegian Gannet». Ho har vore med på turen frå Spania via Hirtshals til Bergen.

- Båten er veldig fin å manøvrere. Det er veldig kjekt å få vere med på dette, seier ho.

Båten har lugarplass til 53 personar. Dei aller fleste kjem til å jobbe i fabrikken. Arnesen fortel at dei ikkje har tilsett alle i denne delen enno.

- Nøkkelpersonellet er på plass. No skal me prøve båten ei stund, før me etter kvart tilset fleire i fabrikken, fortel han.

zoomSlaktebåten Norwegian Gannet hadde dåp og åpen båt 17. november i Bergen. Her frå fabrikken ombord der fisken først blir bedøvd og bløgga, før den går vidare inn i ein av dei fjorten sløyemaskinane ombord. Deretter blir fisken lagra i ein av ti tankar der vatnet har ein temperatur på minus ei halv grad. Når båten legg til kai i Hirtshals, blir fisken sendt vidare inn i fabrikken der den vert pakka i kassar.
Slaktebåten Norwegian Gannet hadde dåp og åpen båt 17. november i Bergen. Her frå fabrikken ombord der fisken først blir bedøvd og bløgga, før den går vidare inn i ein av dei fjorten sløyemaskinane ombord. Deretter blir fisken lagra i ein av ti tankar der vatnet har ein temperatur på minus ei halv grad. Når båten legg til kai i Hirtshals, blir fisken sendt vidare inn i fabrikken der den vert pakka i kassar.

Slaktar første laks om cirka tre veker

Dei neste ti dagane skal båten til Ålesund der Optimar skal ferdigstille fabrikken. Deretter går den til Sotra der Mattilsynet skal inn å godkjenne.

- Der vil me også få med folk frå Nofima som skal dokumentere dette med at fisken får lengre haldbarheit med denne metoden og alt det andre eg har skrytt av, smiler Arnesen.

Om cirka tre veker vil den først laksen bli tatt om bord og slakta frå ein lokalitet i nærleiken av Bergen. Ved full drift kan båten ta 1000 tonn laks med seg direkte til Danmark utan at den er på land i Noreg.

zoomDet er god oversikt frå brua til Norwegian Gannet.
Det er god oversikt frå brua til Norwegian Gannet.
zoomKontrollrommet for fabrikken ombord.
Kontrollrommet for fabrikken ombord.

- Systema er heilt lukka, og vatnet me får inn når me pumpar fisken om bord vert filtrert og reinsa og pumpa ut igjen på lokaliteten. Om bord har me industrielt sjøvatn og industrielt ferskvatn som vert brukt i fabrikken. Dette brukar me også når fisken vert lossa på land i Hirtshals og me tar det tilbake på båten der det vert reinsa, fortel Arnesen.

zoomMannskapslugar.
Mannskapslugar.

Hav Line er

. Rederiet har tidligare fått Vestlandet til å finne gode løsysingar for slakting av laks direkte frå merdene.

Også

.