Overvakinga Havforskingsinstituttet (HI) har drive frå 30. april til 9. august, viser at også i år er villaksen på Vestlandet og i deler av Midt-Norge hardast ramma av lakselus. Truleg har bestandane av både laks og sjøaure blitt påverka negativt, viser målingane, melder HI.

— Vi ser ein del lokale endringar innan landsdelane, men generelt ser vi at årets situasjon er mykje lik den vi har sett dei siste åra. Også i år er det Vestlandet som kjem dårlegast ut når det gjelder lakselus på villfisk, seier Rune Nilsen som er prosjektleiar for overvaking av lakselus på vill laksefisk ved Havforskingsinstituttet.

Etter å ha sammenligna resultata frå i år med 2017-resultata, kan det ifølge forskarane sjå ut som det i år har vore meir lakselus i Rogaland og noko mindre i Sognefjorden.

— I Rogaland gjelder dette både for postsmolt av laks fanga med trål i ytre del av Boknafjorden og for sjøaure fanga med ruser og garn på ulike stasjonar i fjordsystemet, seier Nilsen.

I Sognefjorden fann forskarane betydeleg mindre lakselus på utvandrande laks i år enn i fjor. Samtidig observerte dei mykje lakselus på sjøaure frå ytre Sogn.