Det var under akvakulturdagen i regi av Akva Group i Bergen onsdag at statssekretær Roy Angelvik fortalde at dei vil starte eit arbeid med å gå gjennom alle dei rundt 100 FoU-konsesjonane og sjå om dei når måla som er sett.

- Me må ha eit kritisk blikk på dette, og sjå om me i framtida skal styre FoU-konsesjonar meir inn mot forsking på fôr og svinn, sa Angelvik til IntraFish.

Statssekretær Roy Angelvik i Nærings- og fiskeridepartementet. Foto: Joar Grindheim

Han understreker at dette framleis berre er på diskusjonsstadiet, og at dei har ikkje landa noko enno.

- Dei 100 FoU-konsesjonane som er i drift i dag, er gode prosjekt. Det handlar ikkje om det. Men det er behov for ei grundig evaluering, og sjå om det er noko me treng meir forsking på. Dette blir diskutert i departementet og direktoratet no. I dag handlar mange av prosjekta om lus og rømming, og der har me fått mange gode svar, seier Angelvik.

Vil ikkje setje tak

Han påpeikar at FoU-konsesjonane ofte er langvarige, opp mot 15 år, og også av den grunn er det viktig at ein stoppar opp og går gjennom resultata.

- Er det aktuelt å setje eit tal på kor mange FoU-konsesjonar det kan vere til ei kvar tid?

- Nei, det er det ikkje, men dei tek jo opp biomasse og areal. FoU-konsesjonar skal ikkje vere, og eg seier ikkje at dei er det, ein måte for næringa å auke produksjonen på, fastslår han og understrekar at det er ein betydeleg produksjon på dei 100 konsesjonane med ein total biomasse på 65.000 tonn.

Ein av dei som fekk med seg signala frå statssekretæren var Marine Harvest sin forskingsdirektør Øyvind Oaland. Selskapet driv Centre for Aquaculture Competence (CAC), som er Noregs største FoU-anlegg for oppdrett av laks, saman med Skretting og Akva Group. Det vart starta for 15 år sidan, og har i dag fem FoU-konsesjonar. Senteret har søkt om forlenga periode for konsesjonane, men søknaden er enno ikkje ferdig handsama av Fiskeridirektoratet.

- Eg meiner det er viktig å gjere ei evaluering, men ein må ikkje innskrenke kva FoU-konsesjonane kan bli gitt til. Eg er einig i at fokus på svinn er viktig, men det er også hovudfokuset til næringa i dag - og fokuset som er med mange av FoU-prosjekta. Lakselus er trass alt den viktigaste årsaka til svinn i lakseoppdrett, seier Oaland til IntraFish.

Øyvind Oaland, global forsknings- og utviklingsdirektør i Marine Harvest.

Ein del av forenklingsprosjektet

Angelvik avviser at det er drøftinga om ny retning for FoU-konsesjonar som gjer at mange selskap ventar på svar på sine søknader.

- At det tar tid handlar om at kapasiteten i Fiskeridirektoratet i dag mykje er bunde opp av handsaminga av utviklingstillatelsar og arbeidet med auksjonar av ny vekst. Dette går også gjennom Fiskeridirektoratet. Difor har også Fiskeridirektoratet no lyst ut eit anbod for å få hjelp til å handsame alle utviklingstillatelsane. Målet vårt er at alle skal ha vore gjennom førstegongshandsaming i løpet av 2018, seier han.

Angelvik poengterer også at evalueringa er ein del av gjennomgangen departementet gjer for å forenkle også i havbruksnæringa. Det inneber ein gjennomgang av ulike typar konsesjonar, med dertil tilhøyrande ulike krav, og sjå om ein i framtida kan klare seg med færre.

- Denne regjeringa har innført forenklingar for norsk næringsliv med 15 milliardar kroner. Det skal ikkje stoppe der, seier Angelvik som ikkje har eigne tal for verdien av forenklingar i havbruksnæringa.

- Mange av forenklingane som er innført har betydning for fleire næringar. Difor kan me ikkje ha tal for enkeltnæringar, seier han.

Mykje positivt

I innlegget sitt understreka Angelvik også at han opplever havbruksnæringa som ei næring opptekne av å finne nye løysingar.

- Veldig mykje positivt har skjedd dei siste fem åra, og det er med skrekkblanda fryd eg tenkjer på kva som kan skje dei neste ti-femten åra. Den store skrekken er at styresmaktene skal henge igjen med regelverket, sa Angelvik og gjentok bodskapen om kva som skal til for å få produksjonsvekst.

- Det blir ikkje vekst om næringa ikkje løyser natur- og miljøproblema. I den samanhengen er det viktig å finne nye teknologiske løysingar. Og styresmaktene må leggje til rette for vidareutvikling slik at næringa kan produsere på ein berekraftig måte, sa han.