Tilapi...kva? Guten min på fem står med store auge og prøver å gjenta det vanskelege ordet som nettopp har kome ut av munnen til bestefar. Vi er på ferie på Austlandet, og bestefar som står for det meste av matlaginga er tydeleg stolt over det han har funne i fiskedisken til dagens middag. Like fornøgd er ikkje eg, svigerdottera, som er lite interessert i å støtte ei næring som gjer at folk verda over vel ein smaklaus fisk som er oppfostra i ferskvatn på bekostning av vårt villfanga gull frå Barentshavet.