Trond Williksen fortalde om Ocean Farm-prosjektet under North Atlantic Seafood Forum tysdag. Han understreka at alt går som planlagt så langt med dei over 1 million laksane som står i merden.

– Erfaringa så langt er att dette kan fungere, og det vil fungere. Me ser fisk som trivst god, et godt og har låg dødelegheit, sa Williksen.

Williksen fortel til IntraFish etter presentasjonen at dei reknar med å starte slaktinga av fisken i løpet av tredje kvartal i år.

– Men mykje kan skje enno, så eg kan berre rapportere der me er akkurat no. Mykje av det me forventa har slått til. Fisken trivst, og den handterer dårleg vêr bra, seier Williksen.

Opplever ikkje intern lusesmitte

– Kva med lus?

– Lus er ein del av den naturlege faunaen, så me forventa jo å få lus på fisken. Men lusenivåa er låge, svarar Williksen.

– Opplever de internsmitte av lus i anlegget?

– Nei. Straumen er ganske einsretta på lokaliteten, svarar han.

Selskapet har sett ut rognkjeks saman med laksen for å halde lusenivå nede. Så langt har dei ikkje sett teikn til sjukdom på fisken, men er førebudd på at det kan komme utover våren og sommaren.

– Me håpar jo å unngå sjukdom, men er førebudd på det og vil handtere det som vanleg om det skulle oppstå, seier Williksen.

Samlar kunnskap

Han seier dei så langt ikkje har avgjort kva tid det skal setjast ut ny fisk i Ocean Farm. Først må dei samle kunnskap frå den første produksjonen.

Selskapet har også finansiert eit professorat for å kunne forske på data som vert innsamla frå pilotproduksjonen som skjer no. Kunnskapsbasert drift er noko Williksen er oppteken av.

– Lakseoppdrett har oppgjennom vore mykje erfaringsbasert. I framtida vil det vere mykje meir kunnskapsbasert enn no, men erfaringane vil sjølvsagt ligge i botn, seier han.

– Er de begynt å tenke på konvertering av utviklingstillatelsane til ordinære tillatelsar?

– Nei, det er for tidleg. No skal me gjennomføre den første produksjonen først, svarar han.