Med lengre driftstid på dagbrotet (frå 10 til 16 år), nedkorting av anslaga for gruva si levetid med 20 år, og ei nedskalering frå 170 til 110 arbeidsplassar, er det fleire som no stiller spørsmålsteikn ved Nordic Mining sine planar i Naustdal. Det skriver Firdaposten.

- Vi vil krevje ei ny utgreiing av heile prosjektet. Dei siste tala frå utbyggar er eit tydeleg signal om at gruvedrifta ikkje er like samfunnsøkonomisk lønsamt som ein først meinte, seier leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær til avisen.

Natur og Ungdom var sterkt delaktige i protestaksjonane mot gruvedrifta i fjor, og no meiner leiaren dei nye anslaga for drifta snur opp ned på heile grunnlaget for løyvet til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden - sjølv om dei ferske anslaga med nedkorta levetid kan bety mindre steinmassar i fjorden totalt sett, enn dei 250 millionar tonna det er gjeve løyve for.