Reiarlaget har i dag kvoterettane til ringnotfartøyet "Inger Hildur" i tillegg til det som tilhøyrer «Christinia E». No vil dei samle kvotene på «Christina E.» for å sikre meir effektiv drift av reiarlaget.

Politikk

Regjeringa jobber no med oppfølginga av Kvoteutvalet, der mellom anna spørsmålet rundt kor lenge strukturkvotar skal vare, blir diskutert. Så langt har det ikkje kome noko avklaring. Reiarlage kan difor ikkje vente lenger, og strukturerer no, heiter det i ei pressemelding.

-I erkjennelse av at det truleg vil ta lang tid før dei politiske rammevilkåra for struktur blir avklart, vel vi å ta grep for å strukturere kvotane våre utifrå dei vilkåra som gjeld no, seier Rita Sævik, dagleg leiar i Ervik & Sævik, ifylgje reiarlaget.

Kvote til overs

Reiarlaget vil som følgje av samanslåinga kome over kvotetaket på 850 tonn. Dette gjer at det blir litt kvote til overs. Dette vil bli overført til kollegaer som tar kontakt for å investere i et utvidet kvotegrunnlag, melder reiarlaget. «Christina E» har 571 tonn og «Inger Hildur» har 402.