Hummar er ein trua art og fiske etter hummar er difor strengt regulert. Den er freda fram til 1.oktober og hummar med rogn er totalfreda. Det er svært strenge reglar for kva reiskap som kan nyttast.

Fem dagar før det var lovleg å fiske hummar gjekk tre båtar inn i dei beste hummarområda utanfor Grotle i Bremangerpollen. Ingen av dei var på lista av dei 159 personane som hadde registrert seg til hummarfisket i Bremanger. Kvar båt hadde ein omlag 3m brei grabb som vog fleire tusen kilo. Den senka dei ned på botnen og skrapa botnen for tare. Problemet er at på botnen i taren lever og hummaren og andre skaldyr. Dette er fullt lovleg vert det uttalt.

I harme over denne framferda tok vi ein telefon til Fiskeridirektoratet i Måløy og vart vist til Hallstensen i Bergen. Han kunne med stor sikkerheit fortelje at det har aldri hendt at desse grabbane har skada hummar eller at det har vore hummar i taren som dei tek opp. At ein fjernar taren var heller ikkje negativt for fisken.

Dette vert og omtala på tareselskapet FMC si nettside.

Både vitenskapelige undersøkelser og observasjoner har slått fast at det ikke blir tatt opp taskekrabbe eller hummer ved tarehøsting.

Det er svært sjelden at det fanges fisk sammen med tarehøstingen. Det er heller ikke påvist at tarehøsting av stortare i Norge har en negativ effekt for fiskeressursene.

FMC og Fiskeridirektoratet er heilt samstemte. Då skulle ein tru at seriøs og uavhengige forsking seier det same.

Eit økosystem

Forskningsrådet slår fast at tareskogen er blant dei mest produktive økosystema på kloden.

Tareplanten er første ledd i næringskjeden. På en kvadratmeter tareskog kan det leve

over 100 000 små virvelløse dyr fra over 200 forskjellige arter . Dette er livsgrunnlaget for fisk og skaldyr. Når taren vert fjerna vil det vanlegvis vokse opp ny tare (gjenvekst). Forsking viser at det går 8-10 år før mikroorganismane er tilbake i tilstrekkeleg mengde. Når taren vert fjerna kvart 5. år er såleis grunnlaget for produksjon av fisk og skaldyr ikkje til stades lenger. Det produktive økosystemet er øydelagt.

Kven skal vi tru på, FMC og Fiskeridirektoratet på den eine sida eller forskarane på den andre sida? Vi er ikkje i tvil. Vår erfaring som fiskarar i over 50 år stemmer godt med det som seriøs forsking viser.

Vi er ikkje i tvil. Vår erfaring som fiskarar i over 50 år stemmer godt med det som seriøs forsking viser

Godt gyteområde

Bremangerpollen er tradisjonelt rekna for eit svært godt gyteområde for fleire fiskeartar. Så langt tilbake ein kjenner til har det vore teke store fangstar av både fisk og skaldyr. Ein gong leverte far vår og ein nabo ein hummarfangst på 202 stk. til Eide på sørsida av fjorden. Vi har frå 1.oktober sett ut ein del teiner i området som taretrålarane for over. Der er svært lite hummar å få. Kan Fiskeridirektoratet forklare kvar det er blitt av hummaren i dette området?

I Bremanger herad 1866-1966 er torskefisket i tidlegare tider omtala. I 1920 var det fiska 933000 torsk i Kalvåg og 1138000 torsk i N. Bremanger. I 1921 var det mindre med fisk, men i 1922 var det fiska 1464000 torsk i Kalvåg og 1537000 torsk i N. Bremanger. Sidan taretrålinga starta på Bremangerpollen på 1980-talet har fangstane av torsk som kjent, vore svært små samanlikna med tidlegare. K va med dei historiske rettane til fiskarane i området?

Det er ikkje berre kystfisket som vert råka. Havforskningsinstituttet hevdar at heile 95% av dei levande organismane i havet har sitt utgangspunkt i kystsona. Dette gjør kystsonen til det viktigste nøkkelområde innen den marine verden. De store oseaniske fiskebestandene i Norskehavet og Barentshavet har sine gytefelt og oppvekst områder på kysten og i fjordene.

Dei grunnleggjande forvaltningsprinsippa av m.a. fisk og skaldyr går fram av §7 i Havressurslova. Ved forvaltninga av dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande genetiske materialet skal det leggjast vekt på

a) Ei føre-var-tilnærming i tråd med internasjonale avtalar og retningslinjer

b) Ei økosystembasert tilnærming som tek omsyn til leveområde og biologisk mangfald

f) At haustingsmetodar og reiskapsbruk tek omsyn til behovet for å redusere moglege negative verknader på levande marine ressursar

Det same gjeld tareselskapet FMC. I ein artikkel i Fiskeribladet 2.oktober går det fram at på ni dagar brukte tarebåten «Bona Safir» 24.500 liter av det giftige og kreftframkallande stoffet formalin utanfor Leka. Dei tilset formalin på taren som konserveringsmiddel og pumpar det etterpå ut i havet. Ifølgje Tor Arthur Halvorsen, fabrikksjef hos FMC Biopolymer og eigar av båten, er utsleppa ufarlege. Mattilsynet har blant anna forbode stoffet i kampen mot lakselus. Det er tydelegvis ingen grenser for kva FMC kan tillate seg.Å øydelegge økosystemet i dei mest produktive områda på kysten er klare brot på lova. Det ser ikkje ut som Fiskeridirektoratet i Hordaland og Sogn og Fjordane tek det så nøye.

Mindor Grotle frå Bremanger. Lesar-brevet er forfatta samen med Oddleiv Grotle. Foto: Kjartan Mæstad