Om bord i fartøyet "Munin" saumfarar Jørgen Ree Wiig norskekysten på jakt etter ulovlege hummarteiner. Likevel slepp dei fleste unna, meiner han.

– Vi dekkjer området frå Nordland til svenskegrensa. I tillegg har Kystvakta og politiet kontrollar. Men det er liten sjanse for å bli teken, sier Ree Wiig til NRK.

Berre i 2012 beslagla "Munin" 403 reiskapar og melde 193 tilfelle til politiet. Ein stor del av hummarfisket er såkalla UUU-fiske. Altså ulovleg, uregulert og urapportert. Hummarbestanden er på eit historisk lågt nivå, ifølgje Havforskingsinstituttet.

Fiskeridirektoratet har auka talet på kontrollar dei siste åra, men ingen veit kor stort omfanget er eller kva som kan gjerast for å få bukt med tjuvfisket.