Den lokale forskrifta som regulerer fisket i Lofoten vart oppheva ved midnatt mellom 15. og 16. april. I år har Fiskeridirektoratet hatt ein eigen kontrolloffensiv i torskefisket i nord og inspektørkorpset kan melde om at fisket har gått greitt.

Forskrifta om fisket i Lofoten regulerer blant anna havdeling, reiskapsbruk og inn- og utmelding av reiskap.

- Fisket i området den aktuelle forskrifta regulerer har gått greitt. Det er alltid nokon utfordringar knytt til inn- og utmelding av reiskap, men dette har fungert mykje betre i år enn i fjor, seier førsteinspektør i Fiskeridirektoratet region Nordland, Trond Linchausen Blom, i ei pressemelding.