Fredag la regjeringa fram ei stortingsmelding med ein heilskapleg plan for bevaring av slike viktige område for marin natur.

I ein marin verneplan frå 2004 blei det identifisert 36 område til ei første fase med marint vern. Områda var i hovudsak kystnære, men einskilde ligg også lengre frå kysten. 16 av desse områda er hittil verna, skriv regjeringa i ei pressemelding om stortingsmeldinga.

– Vi finn mykje verdifull natur i havet og i kystnære strok. No vil vi sjå på korleis vi skal komme vidare med å supplere den marine verneplanen frå 2004 med fleire nye verneområde, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i pressemeldinga.

Regjeringa vil involvere lokale og regionale aktørar i det vidare arbeidet.

I meldinga varslar regjeringa ein gjennomgang av og eventuelt korleis lovgivinga utanfor 12 nautiske mil kan bli betre.

I meldinga legg regjeringa også opp til å hente meir erfaring med å bevare havområde for å byggje opp igjen økosystem, og å kartleggje marine område som er viktige for karbonlagring med sikte på bevaring og å redusere effektar av klimaendringar.

– FNs tiår for havforsking startar i år. Noreg har solide miljø med kompetanse på livet i havet. Ein ny og målretta fagleg innsats retta mot å bevare marine område, restaurere natur og studere effekten på økosystema, kan gi verdifulle bidrag frå norsk side til kunnskapsutviklinga i dette tiåret, seier Rotevatn i meldinga.

Stortingsmeldinga finn du her. Og her kan du høyre ein podkast om havforskingstiåret med havforskar Peter Haugan: