I desember i fjor vart det meldt om at Havyard Design & Solutions, som no heiter HAV Design, var valt som designutviklar for ein ny brønnbåt som skal opererast av Frøy.

HAV Design har inngått kontrakt med Sefine Shipyard i Tyrkia, som skal bygge
brønnbåten for Frøy, ifølge ei pressemelding.

I tillegg til skipsdesign inneheld kontrakten også leveransar av smart kontroll, energidesign og systemutstyrspakke frå Norwegian Electric Systems.

Både HAV Design og Norwegian Electric Systems er heileigde dotterselskap av Havyard Group.

For dei to selskapa utgjer kontrakten ein samla verdi på i overkant av 90 millionar kroner.

HAV group
  • Etablert i februar 2021 som industrielt konsern med dei fire dotterselskapa HAV Design AS, HAV Hydrogen AS, Norwegian Electric Systems AS og Norwegian Greentech AS.
  • HAV Group vart notert på Euronext Growth 4. mars.
  • Har lang erfaring med FoU-arbeid og teknologiutvikling, og har innovative løysingar som tar maritim og marin næring gjennom det grøne skiftet.
  • Har over 100 tilsette i Noreg og hovudkontor i Fosnavåg på Sunnmøre.

Dobla tankvolum

Det nye designen er ifølge meldinga ei vidareføring av Havtrans-serien, der ein har opparbeidd seg kompetanse på brønnbåt-design med sylindriske tankar etter å ha levert seks slike design sidan 2014. Denne gongen er designen utvida og kapasiteten er nesten dobla opp til eit tankvolum på 6000 kubikkmeter fordelt på fire sylindriske tankar.

Fartøyet er utvikla i nært samarbeid med Frøy og Cermaq. Cermaq har hatt «Steigen», eit av skipa i Havtrans-serien, i arbeid i fleire år og har erfart at fisken kan stå tettare med lågare stressnivå og oksygenforbruk enn i konvensjonelle tanksystem, ifølge meldinga.

- Med sylindriske tankar kan vi frakte meir fisk samtidig som fiskevelferda er betre, seier Frode Holmvaag i Cermaq.

- Vi kuttar energiforbruket kraftig om bord i skipet. Og når vi i tillegg kan frakte meir fisk på tankane – fisk som attpåtil har betre fiskevelferd – så tør vi seie at dette blir den brønnbåten i verda med lågaste klima- og miljøavtrykk per kilo frakta laks, seier seniordesignar Kjetil Myren i HAV Design.

Betre fiskehelse

I tillegg til større lastekapasitet får også det nye designen større dekksplass til mellom anna avlusingsutstyr. Hydrolicer-anlegget vore rekordstort og kan behandle 600 tonn laks i timen, og anlegget for produksjon av ferskvatn til behandling av fisk kan produsere 6.000 tonn ferskvatn i døgnet, ifølge meldinga.

Energiproduksjonen om bord er basert på eit DC-anlegg med batteri og generatorar som køyrer på variabelt turtal.

Dette er den sjuande kontrakten HAV Design har inngått med Frøy og den første kontrakten i det nye HAV-konsernet.