Det er interessant å lese Tom-Christer Nilsen, fiskeripolitisk ansvarleg i Høgre, sitt innlegg «Hva blir regningen på alle nye avgifter?»

Reder Sigurd Teige. Foto: Privat

Han beskriv godt at politikarane i dette landet, med Høgre i spissen, er i ferd med å lage eit skatt- og avgiftsregime for norsk fiskerinæring, utan heilt å forstå kva som er konsekvensen av det han og Høgre er med på. Kvotemelding, fiskalavgift, kontrollavgift og klimameldinga som denne regjeringa har klart å presentere bekreftar alt dette.

Det er vanskeleg å forstå at et parti som Høgre kan vere med på ei vidtrekkande klimamelding, utan at det kan sjå ut som konsekvensen av auka kostnadar, fordelingseffekt, eller svekka konkurransekraft med utlandet ser ut til å vere vurdert. Partiet ser ut til å ha kasta seg på bølga saman med dei andre populistiske og uansvarlege partia. Verdiar som eit ansvarleg industriparti bør halde høgt, ser ut til å vere kasta på båten.

Nilsen spør i sitt innlegg så viseleg : «Hvordan skal vi vareta den delen av flåten som ikkje har lønnsemd til å klare en slik kostnadsauke? Korleis skal en minimere skadeverknad?» Det burde han sjølvsagt kjenne tilfør han stilte seg og partiet bak ei slik melding. Han konkluderer med kløyvd tunge: «Ingen fartøy skal måtte gå i bøyen på grunn av dette.»

For oss i næringa er det viktig å få vite kva del av flåten som ikkje har lønsemd til å klare det – og kva del av flåten som har lønsemd til å klare det. Det er ingen meg kjenning som har oversikta på dette. Eg veit ikkje kva som meinast med å minimere skadevirkiningar – men det må vel bety at lønsemda må ned på eit nivå som gjer det usikkert å drive lønsamt i framtida - slik det var for store deler av flåten for nokre år tilbake. Tilbake til subsidietida med andre ord.

Han dekker seg bak prinsippet om at den som forureinar skal betale, og då kan han forsvare at vi får ei tidobling av avgifta. At eit havfiskefartøy kan få ei ekstrarekning på kr 25 mill., utan å ha moglegheit til å investere i alternativ teknologi, ligg ikkje i hans vurdering.

Han visar til at CO2 avgifta må betalast fordi den både er ei omstillingsavgift, og at prisen er reflektert i avgifta. Korleis kan dette vere ei omstillingsavgift – når det ikkje er mogeleg å omstille seg til ny teknologi? Dersom prisen vert reflektert i den nye avgifta – ber vi om å få reknestykket på det. Vi vil gjerne også ha same reknestykket for oljenæringa.

På linje med ministeren viser han til at EU skal gjennomføre det same. Vi som er i kontakt med næringa på den sida veit at dette ikkje er aktuell politikk. I alle fall er det ikkje eit tema som vert diskutert. I tillegg har store delar av flåten som driv i Barentshavet basert si drift på tungolje, - det skal bli litt av ei omlegging dersom heile flåten til EU må byggast om, eller skiftast ut på linje med dei krav som ein no set til norske fartøy. Det kan ikkje skje utan nedlegging av store delar av EU si fiskeflåte.

I utgangspunktet er det ikkje gjennomførleg at EU si fiskeflåte skal betale same CO2 avgift som ein legg opp til for norske fartøy. Problemstillinga er komplisert ettersom EU har ein langt lettare veg til Paris-målet enn Noreg. Medan Noreg berre hadde kutta 2,3 prosent av klimagassutsleppa i 2019 samanlikna med referanseåret 1990, har EU kutta 26 prosent i same periode. Årsaka er veksten i oljesektoren i Noreg i denne perioden.

Det betyr at vi må sende rekninga dit den høyrer heime. Det er helt uakseptabelt at fiskerinæringa av denne grunn sannsynlegvis får langt høgare CO2-avgifter enn andre land.

Det kan resultere i at vi får ein mindre klimavenleg utanlandsk flåte, med ingen eller lågare klimaavgifter. Resultatet kan bli auka utslepp globalt, og norsk industri vert utkonkurrert.

I slutten av innlegget blir vi så åtvara mot å sjå mot det raud-grøne alternativet. Vi er med andre ord inne i valkampen. For dersom dei kjem til makta, vil det berre bli endå verre. Det kan han ha rett i. Arbeidarpartiet er dessverre uklar i si haldning.

Vi har likevel notert oss at både Senterpartiet og Framstegspartiet er sterkt skeptisk til klimameldinga. Det er bra. Det er det vi må stelle oss til.

Høgre har i denne regjeringsperioden vore ein sann skuffelse når det gjeld fiskeripolitikken. Det som skjer no er ein stadfesting på at fiskeripolitikken ikkje lenger er prioritert for å oppnå framtidig og langsiktig verdiskaping i distrikta. Norsk fiskerinæring er historia om utvikling av ei næring basert på våre naturgitte fordelar vi har hatt gjennom kontinuerleg utvikling av ny kompetanse og nye verdikjeder i maritim industri. Det ser ut som strategane i Høgre har gløymt historia.

Det er mi vurdering at Høgre som parti her må innta eit heilt anna og meir ansvarleg haldning til kysten og fiskerinæringa. I motsett fall vil folk på kysten og i fiskerinæringa vende partiet ryggen.

For Høgre er vekkinga av Kyst-Noreg og ideen om verdiskapinga i kyst- Noreg som Erling Norvik stod for, erstatta med trua på at vi i framtida skal kunne leve eit urbant liv basert på import, avgifter, subsidiar og overføringar frå oljefondet.

Tillita til partiet i fiskeripolitikken er borte vekk.