Stortingsrepresentant Geir Adelsten Iversen skriv i eit lesarinnlegg i Fiskeribladet at Møre og Romsdal har hatt ein auke i kvotefaktorar på kostnad av Finnmark i perioden 2004-2018 på 38 prosent.

Kvar har Iversen henta tala ifrå? Vi har faktisk hatt fylkesbindinger i heile perioden unntatt på pelagiske kvotar. Det har ikkje vore mogleg å flytte torskekvotar frå nord til sør. Iversen må dokumentere sine kjelder og forklare kvar tala kjem ifrå.

Tal frå Fiskeridirektoratet viser nemleg at Finnmark hadde 562 deltakeradganger for torsk hyse og sei i konvensjonell kyst i 2004. I 2018 hadde Finnmark 363 deltakeradganger. Møre og Romsdal hadde 220 deltakeradganger i konvensjonell kyst i 2004- og i 2018 hadde Møre og Romsdal 120 deltakeradganger. Det er er noko heilt anna enn det Iversen hevdar.

Foto: Privat