19. november lyste regjeringa og olje- og energiminister Tina Bru ut 136 nye område for oljeleiting, dei aller fleste i Barentshavet. Det på tross av åtvaringar om at det trugar miljøet, og kan vere ein stor økonomisk risiko for Noreg.

Det hastar

Alt dette er tema i klimasøksmålet mot staten, som gjekk for Høgsterett for berre eit par veker sidan. For tida sit dommarane i rådslagingsmøte for å meisle ut ein dom over spørsmålet: Braut staten Grunnlova då dei ga løyve til ny oljeleiting i Barentshavet i 2016? Det er tunge argument både juridisk og miljøfagleg som talar for det.