Det skriv bestandsansvarleg for lodde ved Havforskingsinstituttet (HI) Georg Skaret i ein e-post til Fiskeribladet.

I ei pressemelding måndag etterlyste Fiskebåt Sør at havforskarane gjennomfører eit tokt som måler gyteinnsiget på lodde i Barentshavet i 2023. Bakgrunnen er at det er knytt stor uvisse til kvoterådet som er gitt for 2023. Fiskebåt Sør meiner at eit gytetokt tidleg i 2023 vil kunne korrigere for usikkerheten i rådet.

Usikkert råd

Havforskingsinstituttet (HI) meldte i oktober at kvoterådet på lodde blir sett ned i 2023. Instituttet peikte på svakare loddevekst og mangel på data frå Russland, som bakgrunn for at rådet blei nedjustert. I forkant av kvoterådet gjekk HI ut og sa at lodderådet for 2023 blir svært usikkert, nettopp på grunn av den manglande dekninga i russisk sone. For 2023 er rådet sett til 62.000 tonn, medan rådet for inneverande år er 70.000 tonn.

I ein e-post til Fiskeribladet, svarer Georg Skaret følgande:

– Det var svært uheldig at russisk sone ikkje blei dekt under toktet i haust. Det positive er at me har hatt god dekning av dette området i ei årrekke slik at me kan gjera fornuftige vurderingar for rådet basert på tokt frå tidlegare år. Det er likevel ikkje til å unngå at det blir meir usikkerheit knytt til rådet i eit slikt tilfelle, skriv Skaret.

Avventar resultat

Han visar til at gytetoktet i utgangspunktet skulle gjennomførast i tre år, men perioden blei forlenga til fire år.

Georg Skarett, bestandsansvarleg for lodde ved HI. Foto: Gunnar Sætra/HI

– I motsetning til forrige gong toktet vart prøvd ut (2007–2009) så viser resultata frå alle fire åra konsistens med det som ein måler om hausten. Det ligg rett nok konsekvent i nedre sjikt av predikasjonen frå hausten, men gitt at ein ikkje har fått til dekning i russisk sone så er dette som forventa, skriv Skaret.

Han påpeiker at det er også svært mykje forskarane har lært frå gjennomføringa av toktserien, og ein har fått validert trenden i resultata frå hausttoktet dei siste fire åra.

– Loddegytetoktet blei vurdert under metoderevisjonsmøtet for lodde og rapporten derfrå er under arbeid. Det er uaktuelt slik det er no å få toktdekning i russisk sone for eit norsk fartøy. Det å bruka gytetoktet til kvotesetting har heller ikkje vore tatt opp til vurdering av norske og russiske forvaltarar tidlegare, og det er vanskeleg å ta det opp i den noverande situasjonen. Vi har avventa resultatet av metoderevisjonen før vi vil vurdere å ta gytetoktet i bruk i kvoterådgiving. Vi vil diskutere resultata frå metoderevisjonen med dei russiske forskarane på forskarmøtet i mars 2023, skriv Skaret.