Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

Velkomen – både til medlemar og gjestar – då møtest me igjen, berre eit halvt år sidan sist i og med at med skal ta endeleg stilling til samanslåing med dei andre laga i Samarbeidsrådet Sør – den saka kjem me tilbake til seinare i dag.

Leserinnlegg

Denne teksten ble holdt som åpningstale da Sør-Norges Notfiskarlag hadde årsmøte 28. oktober i Bergen, av leder Roar Benjaminson.

Det er dessverre nokon av våre fiskarkollegar og andre med tilknyting til fiskerinæringa som har gått bort sidan sist med hadde årsmøte. Ingen nemd, ingen gløymt.

Me tar ett minutt stillhet for å minnast dei som har gått bort.

Store konsekvensar

I ei slik tale kjem ein dessverre ikkje unna krigen mellom Russland og Ukraina. Det har store konsekvensar for verda både i høve mellom anna pris på drivstoff og kraft, råvareprisar på mat og materiell og marknaden for pelagiske artar.

Omsetninga totalt sett i sjømatnæringa har gått godt – det er me sjølvsagt veldig glade for.

Verdien av sjømateksporten har auka frå å utgjere 14 prosent av fastlandseksporten i 2012 til å utgjere 21 prosent i 2021. I 2021 blei det eksportert 2,7 millionar tonn norsk sjømat til en verdi av 117 milliardar kroner ifølge handelsstatistikk fra SSB.

Uro

Den svake kroneverdien er noko eksport av norsk sjømat har nytt godt av, men dette kan endra seg dei komande åra med uro i finansmarknadene og høg internasjonal inflasjon. Knappheit på arbeidskraft kan òg ha negative konsekvensar for fiskerinæringa totalt sett.

Ved å ha ein differensiert flåte og bidra til oppretthelding av kystsamfunna bidreg næringa med ressursrente i stort mon.

Stadig meir avgifter

Til tross for generelt gode priser på fisken er det synd at moglegheita for gode år og utvikling mot det grøne skiftet forsvinn i stadig meir avgifter og nye pålegg, og dermed utgifter, til byråkrati. Og ikkje nok med det er fiskerinæringa blitt pålagt ei fiskalavgift på 100 millionar, som skal gå rett i statskassa. I tillegg aukar drivstoff- og rentekostnadene, noko som får konsekvensar for fiskerinæringa, som andre næringar.

Det vil spesielt gå utover marginale fiskeri som ikkje vil bli utnytta. Mindre råstoff går får konsekvensar for fiskemottaka/industrien på land, som me er avhengige av. For industrien med kjøle-/ fryselager slår òg den auka straumprisen svært hardt inn.

Næringa treng langsiktige stabile rammevilkår – uavhengig kven som styrer landet.

Organisasjonen har no hatt til høyring grunnlagsmateriale for Kvotemelding 2.0, der viktige rammevilkår for korleis flåten skal kunne utvikle seg i framtida, fordeling av kvotar (nvg-sild stigen og torsketrålstigen) og strukturtilbakefall skal avgjerast.

Avgjerande med einigheit

Det er heilt avgjerande at Stortinget no kjem til einigheit i forhold til dei langsiktige rammevilkåra. Elles stoppar fornying av båtar, som òg ivaretar det grøne skiftet heilt opp. Fiskerinæringa, som er ei så viktig næring, har krav på stabilitet.

Brexit, og manglande internasjonale avtaler har i år, som i fjor, ført til manglande tilgang til å kunne fiske i britisk sone. Det har skapt utfordring spesielt i forhold til makrellfisket. Føreløpig ser det dessverre ikkje ut som om ein blir einige med UK i forhold til 2023-reguleringane heller, men me må fortsatt håpe.

Kva nivå den norske kvoten blir sett på for 2023 veit me ikkje. Det er utfordrende for den mindre flåten som fisker i første halvår. Det er viktig at den minste flåten, som må fiske når makrellen er tilgjengeleg langs kysten, at ein får ein mest mogleg rett kvote i forhold til årskvoten frå årets start.

Godt år for minste pelagiske flåten

Det er gledeleg at ein kan konstatere at den minste pelagiske flåten har hatt eit svært godt år, då makrellen har vore tilgjengeleg over store område langs kysten over lengre tid. Ikkje så positivt for den litt større kystflåten som ikkje har greidd å ta kvotane sine til no, men forhåpentleg vis får desse fartøya tatt enno meir av kvoten.

Ein vil òg peike på at føringskapasiteten må aukast, slik at ein unngår at makrellen blir ståande lenge i steng. Føringskapasiteten har vore utfordrande til tider i år.

Brislingfiske – det er ikkje så mange som driv kystbrislingfiske lenger. Det kan det vere ulike årsakar til, og ein av dei er at fisket føregår samtidig med anna fiske. For dei som driv brislingfisket er det viktig at fiskeriet er hensiktsmessig regulert. Ein vil igjen peike på at det bør vere ein felles kvote, då ein meiner at det ikkje føreligg nok kunnskap til å foreta ei slik kvoteinndeling som forvaltinga har gjort.

I tillegg vil ein peike på at fredningssonene ved elvemunningane må opphevast ved grensa elv/sjø då det ikkje er noko utfordring med bifangst av laksefisk i brislingfisket. Ein vil kome tilbake til saka seinare i møtet i forhold til marknad.

Direkte hets ovanfor yrkesfiskarane

Ei anna type utfordring i kystfiskeria er at det blir drive hets direkte ovanfor yrkesfiskarane og i media i høve mellom anna fiske med lys. Dette til tross for at fiskarane driv lovleg verksemd, faktisk yrket sitt – slikt er svært belastande for fiskarane, og skulle vere unødvendig at enkeltfiskarar skal bli utsett for. Fiskeriforvaltinga bør gå ut med informasjon i slike saker.

Ein må etter kvart òg stille spørsmålet kven skal eige fiskeflåten i framtida?

  • Kva med utanlandsk eigarskap, generelt og for flåten under 15 m?
  • Investoreigerskap i fiskeflåten?
  • Kva er næringa mest tent med?

Dette må òg sjåast i samanheng med at Økokrim i det siste roper varsku om kriminelle eigarar i fiskerinæringa. Det er urovekkjande, men me får håpe at dei følger opp med å straffe dei kriminelle og ikke igjen mistenkelegjer ei heil næring!

Vindkraft brer seg om

Ei lite sveip innom arealutfordringane må me òg. Langs kysten har ein akvakulturanlegg (laks, torsk, tare), kablar/røyr samt reguleringsplanar og liknande i tilknyting til sjø som skapar utfordringar for fortsatt kystfiske.

Vindkraft brer òg om seg, både kystnært og til havs. I den samanheng kan nemnast at uavhengige aktørar MÅ ein vite meir om konsekvensane ved eksisterande anlegg FØR ein foretar ytterlegare utbygging. Ein må ikkje ha det for travelt, for det kan vere katastofalt for økosystemet.

Eg synest at det er synd at fiskarane i stadig større grad ikkje oppfattar Fiskeridirektoratet som ein medspelar eller eit hjelpeapparat, for oss som driv i næringa, slik det var tidlegare. Ein slik avstand tener verken forvaltinga eller fiskarane.

Ein må dessverre igjen peike på saka om rapportering for den minste flåten, som me hadde oppe på møte i vår. Fartøy ned til 11 m fekk innført sporing og rapportering frå 1. juli i år, og flåten ned til 10 m skal innførast frå 1. januar 2023.

Ein kan ikkje akseptere at den minste flåten, med gjerne fleire fartøy i fiske, skal måtte rapportere på same nivå som større fartøy. Dei kastar gjerne oftare enn større fartøy, er ferre folk om bord og har opne båtar mm. Sporing saman med kystfiskeappen bør gje nok opplysningar til forvaltinga i høve ressursuttaket.

Må få ei avklaring

No står ein ny sesong for fiske etter nvg-sild «for døra» for kystflåten. Det er viktig at ein har god føringskapasitet, og administrering, for opptak av nvg-sild for flåten under 15 meter.

Eg meiner òg at ein må få ei generell avklaring frå fiskeriforvaltinga i høve fjordline på vandrande bestandar når det ikkje er uakseptabel innblanding.

Når det gjeld kvantumsgrense for utbodsområde for nvg-sild så er er det ein del uro i næringa. For å få løyst dette bør det vere ei gulrot for dei som kjører lengre med fangstar over 250 tonn?

Avslutningsvis vil eg peike på at fiskerinæringa må vere ein god plass å jobbe både for kvinner og menn i alle aldrar.