Som alle kjenner til har drivstoffprisane auka dramatisk dei siste månadane. Ifølje fiskeripressa har fiskeriorganisasjonar tatt dette opp med NFD, og bede om avgiftsreduksjonar m.m.

Etter revidert statsbudsjett er truleg fiskarane skuffa.

Ask Økland. Foto: Ole Erik Klokeide

Dei siste tre sommarferiane har dei to sønene mine fiska leppefisk. Dette hadde ikkje vore mogeleg utan ungdomsfiskeordninga.

Ordninga har gjeve ungdommane ei fantastisk arbeidserfaring, meistringskjensle, sjølvstende, naturopplevingar, og lært dei at «pengar er storkna mannesveitte», for å sitera den kjente diktaren og målmannen Aasmund Olavsson Vinje.

Maksbeløpet må aukas

Ungdomsfiskeordninga gjev ungdommar lov til å fiska for 50.000 kroner brutto per år. Med gjelande prisar når ungdommane fort «taket» på 50.000 kroner. Maksbeløpet har vore den same i minst 5-6 år. No er det på tide å auka beløpet for kva ungdommane kan tena.

Ordninga er framleis god, og det er ikkje synd på mine ungdommar. Det er likevel synd om inflasjon og prisauke gjer ungdomsfiskeordninga mindre attraktiv.

Bensin/diesel er truleg den største driftsutgifta for ungdommar som deltek i ungdomsfiskeordninga.

Ungdomsfiskarar har det som næringsdrivande flest. Dei tener ikkje pengar før kostnadane er dekka. Å auka prisane er ikkje noko alternativ.

Maksbeløpet er der uansett, og det er uansett kjøpars marknad. Når kostnadane aukar vil ungdommar tena mindre, eller legga ned og finna seg anna å gjera i sommarferiane. No når drivstoffprisane er auka kraftig, blir sjølvsagt nettoen til ungdomsfiskarane tilsvarande mindre, og ungdomsfiskeordninga blir tilsvarande mindre attraktiv.

Om det går ut over rekrutteringa til næringa skal vera usagt, men høgare kostnadar gjer ikkje ungdomsfiskeordninga meir attraktiv.

Ei lita forskriftsendring

Dette kan myndigheitene lett endra på, og utan nokon form for støtteordning eller kvoteauke.

«Maksbeløpet» på brutto 50.000 kroner har ikkje vore indeksregulert på minst fem år. Derimot har maksbeløpet for kva ungdom kan tena før dei må betala skatt auka år for år.

I år kan ungdom tena 65.000 kroner før dei må betala skatt.

Ved å auka maksbeløpet for ungdomsfiskarar til same nivå som skattefritt beløp, vil ungdommar kunne fiska meir av kvotane sine, og dei vil kunne få nokolunde same nettoinntekt som før den drastiske auken av drivstoffprisane.

Dette kan myndigheitene gjera utan at det kostar noko som helst anna enn ei lita forskriftsendring.

Auk maksbeløpet!

Eit motargument mot å auka maksbeløpet er at grensa for fritak frå meiravgiftsplikt er 50.000.

Til det er det å sei at om ungdommar lykkast i å tena over 50.000 kroner på 12 månadar kan ungdommane vera meirverdiavgiftspliktige som alle andre.

Eventuell meirverdiavgiftsplikt vil medføra meir papirarbeid for ungdommane, men frådrag for inngåande meirverdiavgift vil likevel gjera ungdomsfiskeordninga meir attraktiv.

Nærings- og fiskeridepartementet bør difor auka maksbeløpet til det same som fribeløpet.