Dei vil dumpa 250 millionar tonn gruveslam i den reine og fiskerike Førdefjorden, mot protestar frå havforskarar, fiskarar, reiseliv og lokale.

I går var eg blant dei som stansa gravemaskinene med lenker. Me tok oss inn på anleggsområdet og gjorde oss synlege for arbeidarane, som då stogga arbeidet. Det gjekk ordentleg og trygt for seg. Det er ikkje entreprenørane som er motstandarane, men politikarane som har gitt løyve til dette.

Gaute Eiterjord, aksjonist. Foto: Natur og Ungdom (arkiv)

Etter kvart kom politiet og ville fjerna oss. Det er eit stort steg å gå til sivil ulydnad, men i denne saka er det ein større urett å øydelegga fjorden enn å forhindra arbeidet. Likevel er det spesielt å bli arrestert og bli bøtelagt, sjølv etter å ha gjort det før. Men mange er viljuge til å ta det steget for ei så viktig sak. Sidan onsdag er 15 personar blitt bøtelagt med over 150 000 kroner, og fleire aksjonerer i dag.

At næringsminister Jan Christian Vestre avviste klagene frå miljøorganisasjonane og grunneigarane, og godkjenner fortsett dumping i fjorden, viser berre endå meir kor viktig det er å gjera motstand. Arbeidet mot dumpinga held fram, i retten og mot investorane. Nordic Mining manglar finansiering, og forhåpentlegvis er dette det siste anleggsarbeidet dei får gjort.

Vevring-folket, som alltid tar deg imot med opne hus og armar, fortener å sleppa å sjå fjellet og fjorden sin bli gravd opp og nedslamma. Sjølv om regjeringa i dag gjekk glipp av ein glimrande sjanse til å lytta til fornuft erkampvilja er stor blant dei lokale eldsjelene og tilreisande, og aksjonane held fram.

Fjorden får dei aldri!