Forskarane har sjekka om magnetfelt frå undersjøiske straumkablar, kan påverka tobislarvar, melder Havforskingsinstituttet. Tobis er nemleg ein viktig art i økosystemet i Nordsjøen, og larvane driv i området der det er planlagt vindparkar.

Fordi kablane produserer magnetiske felt, er det bekymring for at dei kan skada eller forstyrra åtferda til dyr i havet, inkludert dei sårbare tidlege livsstadia til fisk, viser instituttet til.

Kan påverke andre fiskelarvar

Forskarane utsette larvane for eit magnetfelt i ein mørk tank. Eit infraraudt-følsamt kamera fanga åtferda til larvane. Konklusjonen var klar:

– Tobislarvane blei verken tiltrekte eller fråstøytte av magnetfeltet. Dei endra heller ikkje svømmeåtferd, seier Alessandro Cresci på Havforskingsinstituttets nettsider.

Han understrekar likevel at det er mogleg at desse felta kan påverke andre fiskelarvar. Nokon fiskeartar i Nordsjøen er nemleg meir kjenslevare for jordas magnetfelt og bruker det til orientering og migrasjon.

Studien er ein del av eit større prosjekt ved instituttet, som ser på effektar av havvindindustri på tidlege livsstadium av fisk.

Seinare i dette prosjektet vil forskarane ta for seg larvar av andre nøkkelartar som torsk og hyse, for å sjå om dei blir påverka av sjøkablar. Prosjektet undersøker òg moglege effektar av støy frå vindkraftverk.