– Satsinga på havvind føreset at ein tar omsyn til viktige fiskebestandar, gyteområde og fiskefelt. Først når ein kjenner konsekvensane av dette, kan ein ha eit grunnlag som gjer at ein kan satse storstilt på havvind.

Det seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt, i ein kommentar til Fiskeribladet etter at regjeringa onsdag la fram sine havvindplanar.

– Ikkje forhaste seg

Maråk seier at Fiskebåt, som regjeringa, også voner at desse utgreiingane gir grunnlag for å satse på havvind som ein ny norsk industri og energikjelde.