Hummarfisket sør for Stad var slutt 30. november. I ein felleskontroll i Vestland fylke tidlegare denne månaden, blei mange lovbrot avslørt.

Kontrollen gjekk over fire dagar i kommunane Øygarden, Austevoll og Bjørnefjorden, og vart gjennomført som ein fellesaksjon av Fiskeridirektoratet, Kystvakten og politiet.

– Nedslåande

Beslag vart gjort mellom anna med bakgrunn i feil fluktopning, manglande rømmingshol, dårleg eller mangelfull merking og fangsting i fredingsområde for hummar, opplyser Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

– Samanlikna med tidlegare kontrollar i same område etter at hummarfangstperioden er slutt, er dette litt nedslåande, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest, i meldinga.

Sør for Stad var fangstperioden slutt 30. november, mens den varar fram til og med 31. desember nord for Stad.

I alt 70 teiner vart beslaglagt og det er sendt 30 meldingar til politiet for brot på regelverket. Dei beslaglagde teinene var både umerka og merka med namn og adresse. Det er generelt store bøter for ulovleg fangst av hummar, påpeiker direktoratet.