Vikna-området i Trøndelag har vore stengt for taretråling sidan 2015 av føre var-omsyn. Området har rik tareskog, og er oppvekstområde for kysttorsk.

Havforskingsinstituttet (HI) har på oppdrag frå Fiskeridirektoratet vurdert om det er biologisk forsvarleg å opne for taretråling i dei delane av området som ikkje er verna etter anna lovverk. No har havforskarane lagt fram si vurdering i ein ny rapport, melder Havforskingsinstituttet (HI).

Begrensa effekt

HI meldte i fjor at studiane deira konkluderer med at den samla effekten på økosystemet etter taretråling er begrensa.

– Vi vurderer ut frå kunnskapsgrunnlaget at området ved Vikna bør kunna opnast for avgrensa taretråling, seier forskar Kjell Magnus Norderhaug i ein artikkel på HI sine nettsider.

Konklusjonen byggjer på resultat frå mange års forsking på tareskogen og effektar av taretråling på økosystemet, både i Vikna og resten av landet.

Ressursmodell for stortare

Havforskarane har frå før utvikla ein ressursmodell for stortare, som gir anslag over kor mykje tare det er i eit område ut frå fysiske og biologiske forhold. Denne modellen har forskarane no tatt i bruk det aktuelle området i Vikna for å berekna ressursgrunnlaget. HI melder at dei har også sjekka resultata frå modellen mot observasjonar i området.

I tillegg har forskarane samla kunnskap om artsmangfaldet i tareskogen, kva som skjer med dette økosystemet når ein trålar, og kor raskt dei kjem tilbake igjen etter tråling.

Rapporten finn du her.