Det er mange som no kappast om å meine at EØS-avtalen ikkje betyr noko for sjømateksporten.

Sist ut er Leiv Olsen i Rogaland Nei til EU.

Kristin Alnes. Fagsjef industri, fagsjef handel Sjømat Norge Foto: Privat

Olsen hevdar at fiskeeksporten vår med EU er regulert av Frihandelsavtalen frå 1973, og at det ikkje vil ha betydning for handelen om vi seier opp EØS-avtalen. Dette er feil. Handelen vår med sjømat til EU er regulert gjennom fleire avtaler, og vi treng alle.

Viktige eksportprodukt som torsk, sei og hyse er sikra tollfrihandel med EU gjennom EØS-avtalen. Dersom vi seier opp EØS-avtalen, vil ingen andre avtaler fange opp denne eksporten.

Det betyr at fersk og fryst torsk vil møte toll på 12 prosent. Ferske og fryste produkt av sei og hyse vil møte tollsatsar på 7,5 prosent. Ferske filetar av desse tre artane vil møte ein toll på 18 prosent. Dette vil langt på veg utelukke norske eksportørar frå å konkurrere i den europeiske marknaden med grunnfjellet av norske artar, torsk, sei og hyse.

Vidare vil ei rekke andre kvitfiskartar som lange, lysing, uer, breiflabb, steinbit få tollsatsane auka til 7,5 — 15 prosent.

Vidare viser Olsen til at Frihandelsavtalen regelmessig blir oppdatert, sist i 2016. Ja, det er på sett og vis rett.

Det vi kan informere Olsen om her er at desse oppdateringane har for vane å kome på plass fleire år på etterskot. Dette medførte at 10 tollfrie kvoter ikkje blei vidareførte då dei gjekk ut på dato 30.4.2021.

For norske eksportørar betyr det at det over natta blir toll på desse eksportprodukta. Det er heilt i det uvisse når Norge og EU blir samde om ei eventuell vidareføring av desse kvotene.

Olsen hoppar også over at EØS-avtalen sikrar at vi kan eksportere varene våre til EU utan veterinærkontroll, verken dokumentkontroll eller fysisk kontroll ved grensa. Når Storbritannia frå oktober innfører veterinær grensekontroll på norsk sjømat, vil vi få ein smakebit på kva betydning dette har for handelen.

Til sist meiner Olsen at "Marknadssituasjonen er viktigare enn dei minimale tollsatsane. Når det gjeld fisk, er det seljars marknad, og då er det kjøpar som blir ramma viss tollsatsane aukar". Det kan hende dette ville vore tilfelle dersom den einaste tilbydaren av sjømat var nasjonen Norge. Det veit nok også Olsen at vi ikkje er. Vi etterlyser difor belegg for desse påstandane.