I august i fjor sat 19-år gamle Jeanett Lyng kursen mot Nordland og Meløy for å gå andre året på akvakultur på Inndyr.

Ho er frå Namsos og gjekk første året på Val vidaregåande. Men konkurransen om å kome inn på andreåret på akvakultur blei for stor. Då bar det nordover saman med kjærasten.

Utan nettverk på ny plass – og heller ingen erfaring frå sommarjobb eller helgejobb innan oppdrett var ho litt nervøs for om ho skulle klare å få seg lærlingplass.