Vi ser at kvitfisktrålarane har gått frå å vere ein reiskap for å styrke lokalsamfunn langs kysten i Nord-Noreg, til å tene fiskekapitalistar med globale ambisjonar. Meir og meir av fisken dei fangar, vert no sendt rett ut av landet utan tilarbeiding.

Geir Oldeide Stortingskandidat Raudt Sogn og Fjordane. Foto: Privat

Med den seinaste utviklinga innanfor slakteskip, der båten Norwegian Gannet får lov til å sende fisken direkte til Danmark frå norske oppdrettsmerdar, er vi redd for at kysten på Vestlandet, berre blir oppbevaringsstad for oppdrettsfisken fram til den vert sendt rett ut av landet; utan å skape arbeidsplassar på land.

For kystkommunane vil det bety svært mykje å få tilbake arbeidsplassar knytt til foredling av fisk.

Raudt vil sikre at norsk fisk skaper arbeidsplassar og busetnad langs kysten. No har vi foreslått på Stortinget å innføre eit kvotetrekk for dei som sender fisken rett ut av landet. Dette er gjort på Island, og det sikrar at fisken skaper arbeidsplassar på land. Nokre andre land til dømes Argentina praktiserer at deler av kvoten, frå 20 til 50 prosent, på enkelte fiskeslag skal tilarbeidast i heimlandet.

Det er rett og rimeleg at den fisken som vert teken opp utanfor kysten vår, skaper arbeidsplassar på land og gjev løn til dei som bur her – ikkje til oppdrettsmilliardærane og trålreiarane.