Eg tipper på at vår nye fiskeriminister er minst like spent og stolt som fyrsteklassingar landet rundt som alle tek til på nye oppgåver i desse dagar. Dei har venta lenge på dette, 6-åringane som endeleg får starte på skule. 

Lisa Pinheiro Leinebø. Foto: Einar Lindbæk

Enda lenger har nok Harald T. Nesvik gått med ein statsråd i magen. No har han endeleg fått draumejobben, og vorte den kulaste guten i klassa. Med seg i ryggsekken har han brei politisk erfaring. Men kanskje viktigast av alt så har han faktisk peiling på fisk. Og utifrå hans oppmøte på diverse samankomstar i næringa å dømme, så verkar det også som om han faktisk har interesse for norsk sjømat. Og når han til og med har skrive ei bok om produksjonslære for fiskeindustrien saman med heile Sunnmøres kvalitetsekspert, Otto Giskeødegård, så bør det vel vere håp om at han til og med har tatt i ein fisk eller to.

Enda lenger har nok Harald T. Nesvik gått med ein statsråd i magen. No har han endeleg fått draumejobben, og vorte den kulaste guten i klassa

Omlokkeringar heile tida

I mi tidlegare journalistiske karriere var eg ofte på Stortinget og i departementa. Namna på statsrådane kunne eg på rams, og intervjua dei fleste om dei tema dei hadde ansvar for. Så kom det regjeringsskifte eller omrokkeringar internt, og statsråden eg nyleg hadde intervjua om det norske forsvaret skulle no ha kontroll på massevaksinering av det norske folk. 

Over natta gjekk ein annan statsråd frå å vere ein av dei kule studentane under fadderveka til å stå på geledd på slottsplassen i grå og kjedeleg dress. Så var det ho som knapt fekk tørka kumøkka av skoa før ho med høge helar tuppa folk ut av landet.

På toppen av høgblokka i regjeringskvartalet gjekk eg live på radio med dåverande fiskeriminister Helga Pedersen. Kort tid etter var det Lisbeth Berg-Hansen som møtte opp då eg skulle intervjue ein minister om fisk. Når eg så skifta beite og sjølv starta å jobbe i fiskerinæringa, heitte ministeren både Elisabeth Aspaker og Per Sandberg, før no statsrådshatten enda på Harald T. Nesvik sitt hovud. 

Hatteleiken

Og så var det desse titlane og namna på departementa da. I ei tid skal du på eigahand leie Fiskeridepartementet. Den er grei. Så er det Fiskeri- og kystdepartementet som i neste omgong blir slått saman med Nærings- og handelsdepartementet der du er ein av to sjefar og heiter fiskeriminister, men er oppteken av å bli oppfatta som sjømatminister. Eller korleis var det no igjen? Trur eg må google for å vere sikker.

Eg har undra meg over dette mang ein gong. Korleis skal ministerane sjølv klare å halde kontrollen over ei næring når dei hopper frå post til post og knapt veit kva hatt dei har på seg når musikken stoppar? 

Og burde det ikkje vere eit krav om at når ein statsråd må ta sin hatt å gå så blir hatten satt på hovudet til nokon som slepp å google seg fram til informasjon om det dei skal styre med dei neste åra? No har dei riktignok ein haug av fagfolk rundt seg og eit team som gjer det meste av jobben. Men om eg går til frisøren, så hjelper det lite at alle andre som jobbar der er utdanna frisør om den som skal klippe meg aldri har teke i ei saks før.

Korleis skal ministerane sjølv klare å halde kontrollen over ei næring når dei hopper frå post til post og knapt veit kva hatt dei har på seg når musikken stoppar?

Eg skal ikkje legge meg borti eller meine for mykje om kven som burde leie landet, men ein fiskeriminister har vi og treng vi uavhengig av kva parti som sit ved roret, og kva departementet måtte heite. Og då er jo det greitt å konstatere at hatten i denne omgong landa på hovudet til ein mann som i det minste ser ut til å ha ei viss formeining om kva som er styrbord og babord på ein båt. 

Så får vi berre ønske fiskeriminister, Harald T. Nesvik, lykke til og be han halde hardt på hatten når nordavinden bles som verst på Sunnmøre.