Næringskomiteen har no levert si innstilling i saka som vert handsama i Stortinget i neste veke.

Geir Pollestad, leder i næringskomiteen på Stortinget, Sp. Foto: Einar Lindbæk

Det er oppsiktsvekkjande at stortingsfleirtalet ikkje ser at koronasituasjonen har snudd opp ned på situasjonen i reiselivet og held fast på sitt vedtak om nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026.

Senterpartiet har lytta til kommunane og bedriftene på Vestlandet og går inn for å utsetje kravet til 2030, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp)

Det har vore ei viss merksemd om spesielle miljøkrav knytt til verdsarvfjordane kan tvinge frakt av mineraler bort frå fjorden og ramme næringsverksemd i regionen hardt. Senterpartiet har saman med FrP framlegg som ville ha løyst dette, men fleirtalet gjekk for meir uforpliktande løysingar.

Det er trass alt bra at fleirtalet ser galskapen i å tvinge transport av verdifulle mineraler bort frå fjorden, men det er synd at dei ikkje går lengre enn å kome med milde ynskje til regjeringa. Senterpartiet foreslo å setja skapet på plass alt i denne innstillinga. Vi forventar likevel at regjeringa finn ei løysing til beste for bedriftene som kan bli råka, seier Pollestad.

Senterpartiet vil ikkje gå bort frå miljøkrav, men berre utsetje dei til 2030 for å gje noko betre tid og for å ta omsyn i utviklinga i reiselivet som fylgje av koronaen.

Ein rapport frå Sjøfartsdirektoratet peiker også på at eit krav gjeldande frå 2026 vil stengje fjordane for ei rekkje fartøy, sidan teknologien ikkje vil vera tilstade tidsnok.

Senterpartiet ynskjer å ha ein faktabasert klimapolitikk. Vårt mål er å redusera utsleppa frå skipsfarten mest mogleg, anten skipa seglar i verdsarvfjordane eller ikkje