EØS-avtalens nulltoll på rund fisk og filet og toll på all bearbeiding er nok laga for å tene EU`s fiskeindustri på bekostning av lokalsamfunn der ressursane kjem frå. Å levere råvarer og la andre bearbeide dei er nettopp slikt som U-land vert tvinga til.

Trond Sundby Samfunnsengasjert borgar, Sogn og Fjordane Foto: Privat

«Ikkje kødd med EØS» var headinga på eit innlegg Torbjørn Vereide for ei tid tilbake, Ap-politikar frå Sogn og Fjordane skreiv mellom anna i Sogn Avis om kor viktig avtalen er for fiskeria våre.

Truleg blir nettopp EØS-saka eit vanskeleg tema i eit eventuelt regjeringssamarbeid mellom Arbeidarpartiet, Sp og SV. Difor er det viktig å få ein open debatt om temaet. I svarinnlegget mitt argumenterte eg for at Noreg vil klare seg godt om vi skulle velge å gå ut av EØS, ein avtale som statsministeren vår heilt rett, har kalla ein «husmannskontrakt».

Eg sende også svarinnlegget mitt til Fiskeribladet. Øyvind Andre Haram, kommunikasjonssjefen i Sjømat Norge, kjem så med eit tilsvar der han startar innlegget med følgjande hersketeknikkar: «Det er bra med engasjement og klare meiningar, i alle fall så lenge ein prøver å halde seg så nokolunde til fakta. Det er diverre vanskelege å finne noko som faktisk heng på greip. Sundby set fram ei rekke feile påstandar, for å understøtte eige syn. Dette er ikkje ein god måte å føre debatt på.»

Og ja, eg er ein engasjert borgar, og er ein av mange som stemte nei til EF i 1972. Vi følte oss lurt då Arbeiderpartiregjeringa seinare forhandla fram EØS-avtalen - ein avtale som gjennom stadig nye direktiv overstyrer norsk sjølråderett. Dei som sa at EØS kan bli eit sklibrett inn i EU har fått rett. Men når Haram, som representerer den viktige og mektige sjømatnæringa, går så hardt ut og «ikkje finn noko som faktisk heng på greip» i innlegget mitt, kan jo nokon kvar bli usikker. Eg forela difor svaret hans for Peter Ørebech, professor i rettsvitenskap ved UIT Norges Arktiske Universitet. Eg siterer han på følgande: «Øyvind Andre Haram fremstiller seg selv som en kløpper på handelsjuss-det tyder det ikke på ut ifra de standpunkter han forfekter». Eg er difor rimeleg trygg på at argumenta mine held mål i ein sakleg debatt.

Haram hevdar at EØS-avtalen er berebjelken i sjømateksporten gjennom tollfridom på ei rekke produkt av torsk, sei og hyse, og redusert toll på andre kvitfiskartar. Ørebech sitt klare svar er at EU har ingenting å vinne på å bygge opp nye tollmurar. «Har Sjømat Norge glemt at det er gjensidighet i alle de viktigste ordninger om handel med EU?» spør han.