Dei var blant dei første som tok i bruk ekkolodd. Dei er no dei første som tek i bruk ny miljøvennleg teknologi og har nyleg overtatt verdas mest miljøvennlege havgåande fiskefartøy.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen på heimekontor i Bodø. Foto: Selfie
Ove Trellevik. Stortingsrepresentant (H). Styremedlem Høyres Bedriftskanal Foto: Hans Kristian Thorbjoernsen

I 2018 fekk reiarlaget «Innovasjonsprisen» under Nor-Shipping i Trondheim for prosjektet med den nye båten.

Nokre er skeptiske til klima satsing, og har ikkje har heilt den store trua på at deira bidrag tel i det store klimarekneskapen. Norge kan ikkje løysa verdas klima utfordring aleine, kan vi høyre folk seier. Andre ser nye forretningsmogeligheiter i behovet for ny teknologi.

For å kunne vise veg i miljø utviklinga har reiarlaget vore avhengig av at det er ei «ny-byggingsordning» innan fiskeri som er konkurransedyktig. Det betyr at kvotane som blir fiska på fartøyet som skal erstattars, kan fiskas på andre båtar. I tillegg har dei nytta seg av den vellykka ordninga med NOx-fondet. Der alle båtar over ein viss storleik betalar inn til eit fond, for deretter at fondet bidreg til nye miljøvennlege investeringar som t.d. maskineri som kan nytta LNG. Dersom dei no vel å gå til Stord for å bunkre biogass blir båten i realiteten eit nullutsleppsfartøy.

Regjeringa har også styrka ENOVA, ei støtte ordning for energisparing. Om bord på den nye båten er det turbinar plassert i stabilisatortankane, som vil utnytte slingring og stampesjø til å produsere elektrisk kraft. Denne elektriske krafta blir lagra på batteri, til bruk både til framdrift og på for eksempel elektriske kraner og vinsjar.

Mens SP og FrP hevdar regjeringas klimamelding vil drepe norsk fiskerinæring, har karane på Liaskjeret atter ein gong vist at det er mogeleg å tenkje nytt og investere for framtida. Utan eit framoverretta næringsliv med kapital og vilje til å ta samfunnsansvar og nå mål er klimapolitikk lite verdt. Skal vi lukkast i den grøne omstillinga lyt vi samarbeide om gode løysingar. Ny C02 avgift skal ikkje bli ein pisk med nye inntekter til staten, men avgifta må førast tilbake til grøn omstilling. Det vil sikre ein konkurransedyktig norsk fiskeflåte.

Det betyr at det skal løne seg å velje rett, samtidig som vi ikkje skal unødig avgiftsbelegge næringslivet som ikkje har eit miljøvenleg alternativ. Det betyr at det må for eksempel utviklast også gode miljø alternativ til dei minste fartøya før dei kan belastast med særskilde avgifter.

Vi vil gratulere både Peder'n og mannskap med den nye flotte båten.

Måtte hell og lykke følge deg og ditt mannskap på alle hav!