Det skal nok ikkje stikkast under ein stol at det opp gjennom tidene har vore nokså lettvint å berre dumpe alskens avfall – nedbryteleg eller ikkje – over rekka. Out of sight, out of mind.

No snur det! Eg skal ikkje utrope oss fiskarar for å ha vore fremste forkjemparane for den haldningsendringa som vi no ser, men at det er i vår eiga interesse kan ingen fiskar vere usamd i. Strandryddarane har travle dagar over heile landet, og mengdene plast og alskens vanskeleg nedbrytbare substansar haugar seg opp i tonnevis. Det er ikkje noko vakkert syn, og det er faktisk berre det vi SER, og kan ta hand om. Vårherre må vite korleis det ser ut rundt om på botnen, og i ope hav.

Når alle gode krefter samarbeider, så vil miløavtrykket etter fiskeflåten ligge på eit absolutt akseptabelt nivå

For øyeblikket er vi i innspurten på fyrste lineturen vår vestafor i EU-sonen, og eit blikk fram på shelterdekket kan gje oss ein liten peikepinn om tilhøva nede på botnen. Det kan ta nattesøvnen frå ein stakkar! Sju – 7 – 1000-liters storsekkar er smekk fulle av hovudsakeleg gamalt bruk som vi får opp på stubbane våre. Nokre av sekkane er fylt med vår eigen agnemballasje, men resten er hovudsakeleg vekkslitne spanske breiflabbgarn. Noko gamalt linebruk får vi og opp, men det bør ikkje ligge den store dramatikken i det. Det sluttar å fiske etter berre kort tid, med mindre langa og brosma er sugne på rusta krokar. 

Det er i dag påbod om å bringe alt av brukt emballasje til lands. Kun matavfall kan kastast, til glede for kjalken, havsula og måsen. Det er greitt nok det, men det kan vere på sin plass å etterlyse greie, smidige og rimelege ordningar for levering av dette, og vidare handtering og evt. nyttiggjering. Plassen kan og bli ei kattepine, fyrst og fremst for eldre, mindre båtar. T.d. agn er pakka i plast og papp, og det utgjer anseelege mengder på ein lengre linetur. Plasten er grei nok, den tek ikkje allverda plass, men all pappen må oppbevarast einkvar staden. 

Eit kreativt forslag gjekk ut på å hive det inn på lugaren til sjølve sjefs-rotekoppen blant mannskapet vårt, då han neppe ville merke den store skilnaden, men det ville kanskje vere å overdrive litt. Nei, løysinga blir nok å pakke det i hop som best vi kan, og stue det ned att i agnfrysa etter kvart som ein får omrøme seg der nede. Vi skal saktens få det til.

Det er bra at det blir sett fokus på dette, og eg er rimeleg overtydd om at når alle gode krefter samarbeider, så vil miløavtrykket etter fiskeflåten ligge på eit absolutt akseptabelt nivå. Å iverksetje ryddeaksjonar rundt om på botnen i dei ymse havområde bør skje med jamne mellomrom, og fiskeristormakta Norge bør vere både eit godt eksempel, og ein pådrivar. Her i EU-sonen ser det ikkje ut, og det ryktast at spanske breiflabbfiskarar får erstatta tapt garnbruk. Snakk om molbopolitikk!!!

Dette bør vere eit kjærkome saksområde for Miljøpartiet de Grønne. La demagogien kvile for ei stund, og kom opp med fornuftige, gjennomførbare tiltak for reint hav og ryddige strender. Det må då vere betre enn å terge på seg alt som finst av bilistar i hovudstaden.