Innlegget i Fisketibladet var veldig tendensiøst synest eg. Eg er ikkje Sp medlem eller med i bondelaget. Oppslutninga har dei nok fordi dei meiner vi bør ha meir nasjonal kontroll med naturressursane våre, herunder fiskeria, som er i ferd med å bli privatisert gjennom kvoteoppkjøp.

Trond Sundby Samfunnsengasjert borgar, Sogn og Fjordane Foto: Privat

Eg kan heller ikkje sjå at dei er imot fisk som mat, snarare tvert i mot. Kor har han det frå? Sp ønskjer å ta heile landet i bruk seier dei, og det må gjelde både landbruk og fiskeri. Men så hadde eg helst sett at dei heller køyrde ein annan kampanje om kjøt: «Et mindre kjøter rett kjøt» burde vore mottoet.

Det vil sei raudt kjøt fora på gras og beite. Det er både sundt og klimavenleg og fornuftig i graslandet vårt. Det er industriproduksjonen av kjøt på importert soya frå Brasil som er problemet.

Eg kan ikkje sjå at Fiskeribladet tener på å fronte einsidig meiningar som dette. Men det er kanskje ikkje redaksjonens meining?