I sin iver har direktoratet kutta svingar, og brote utgreiingsinstruksen. Manglande konsekvensutgreiing førte til at direktoratet fekk kritikk frå Nærings- og Fiskeridepartementet (NFD) sitt Regelråd.

Kritikken står i ei utsegn datert 15.november 2019, og kan lesast på www.regelradet.no Det må òg nemnast at grunngjevinga, for desse dramatiske forslaga, er forenkling. Grunngjevinga er altså ikkje biologisk.

Direktoratet legg òg til grunn at det er forbode å mala opp sei, hysa og torsk, men det er berre halve sanninga. Det korrekte er at det er eit oppmalingsforbod, men at salslaga kan gje dispensasjon frå forbodet. Slike dispensasjonar er ikkje uvanleg.

Regelrådet kan ikkje instruera andre offentlege organ, men Regelrådet sin kritikk er truleg hovudårsaka til at NFD har instruert direktoratet, jf. brev av 21.9.20, til å senda saka ut på ny høyring. Fiskeridirektoratet rettar seg ikkje etter kritikken frå Regelrådet, kuttar svingen ein gong til, og sender saka ut på høyring utan å greia ut konsekvensane for næringa.

Når direktoratet bryt instruksen for andre gang, i same sak, framstår det som brotet er med overlegg.

Veit direktoratet kor dramatisk konsekvensane blir for dei pelagiske trålarane? Regelrådet kritiserte Fiskeridirektoratet, og skrev at:

«Fiskeridirektoratet foreslår realitetsendringar som påvirker en del næringsaktører, det gjelder blant annet forslaget om innstramninger i tillatt bifangst ved fiske med småmasket trål. Regelrådet mener de foreslåtte realitetsendringene burde vært grundigere utredet. Det kommer ikke klart frem hvorfor disse endringene er nødvendige. Videre burde virkningene for berørt næringsliv vært grundigere utredet, og det burde vært drøftet om målet med forslaget står i forhold til de negative virkningene for aktørene. Regelrådet mener på bakgrunn av dette at forslagene til realitetsendringar ikke er tilstrekkelig utredet, jf. utredningsinstruksen pkt. 2-1.»

I utsegna skriv Regelrådet mellom anna at «Etter regelrådets vurdering kunne direktoratet gjort bedre rede for virkningene av de foreslåtte realitetsendringene for berørt næringsliv.»

Rådet skriv òg at «Det kan … stilles spørsmål til om de skjerpede kravene til tillatt bifangst kan utgjøre større vanskeligheter for noen aktører enn andre og dermed medføre konkurransevirkninger. Regelrådet kan ikke se at dette er adressert og utredet.»

Regelrådet brukar òg eit «trafikklyssystem», og gav Fiskeridirektoratet raudt lys. Dette er dei sterkaste verkemiddela Regelrådet har.

Pelagisk Forening skreiv om dette i Fiskeribladet den 18. desember 2019. «Fiskeridirektoratet får raudt lys av departementets regelråd»

I brevet av 21.9.20 instruerte NFD Fiskeridirektoratet om å sende enkelte materielle sider ved forslaget til ny forskrift på ny høyring. Direktoratet skriv at «Bakgrunnen for dette (høyringa) er først og fremst tiden som har gått siden forskriftsforslagene sist var på høring. I tillegg har Regelrådet pekt på at enkelte materielle sider ved forskriftsforslaget ikkje er tilstrekkelig utredet.»

I høyringa står det ikkje noko om kva konsekvensar redusert bifangstprosentar vil få for næringa. Dette med unntak av at det vil vera «utfordrende».

På det halvåret som har gått, frå NFD sin instruks, til saka blir sendt på ny høyring, har direktoratet såleis tilsynelatande ikkje gjort noko for å greia ut konsekvensane av desse inngripande forslaga. Likevel vel direktoratet å senda forslaga ut på ny høyring.

I følje medlemmar i Pelagisk Forening har forslaga sterk negativ betydning for desse fiskeria. Det bør vera eit minimumskrav at direktoratet føl utgreiingsinstruksen, rettar seg etter kritikk frå Regelrådet, og greier ut konsekvensane for næringa før direktoratet gjer så inngripande reguleringar at ein risikerer at eit fiskeri blir regulert bort.

Pelagisk Forening er sjølvsagt tilhengar av at alle fiskeri skal vera berekraftige, men meiner at dagens lovlege bifangstprosentar ikkje bør reduserast utan grundige biologiske vurderingar, og grundige konsekvensutgreiingar.

Næringa har òg krav på at direktoratet føl myndigheitene sitt krav til konsekvensutgreiing før direktoratet gjer slike inngripande endringar.

Det burde heller ikkje vore naudsynt å måtte krevja at direktoratet føl spelereglane myndigheitene har fastsett. Pelagisk Forening stiller òg spørsmål om kvifor direktoratet, og truleg med overlegg, bryt utgreiingsinstruksen?

Om forslaga blir vedtatt er det heller ingen garanti for at direktoratet ikkje freistar å redusera bifangsprosentane ytterlegare om nokre år.

I så fall minner direktoratet sitt korstog mot småmaska trål om historia om mannen som skulle venna hesten sin av med å eta. Det gjekk lenge, men som kjent døde hesten til slutt.