Det er trist og vemodig å vera vitne til den forvitring av v år kystkultur som foregår i demokratiets namn.

Dette står å lesa i Klassekampen 14. januar 2021: «Fra neste år skal alle norske fiskefartøy, også de minste sjarkene, ha elektronisk sporing. Myndighetene vil vite når båtene drar ut på fiskefeltet, hva de fanger, hvor og når de leverer.

Knut Vadla, småbrukar, lærar og blåskjeldyrkar. Foto: Privat

I fiskerihavnene blir det flere kontrollører også i helgene og om natta. Det vurderes også videoovervåking av mottaksanleggene.» «I går ble et nytt tipssystem innført, alle som ser mistenkelige ting, kan rapportere. »

Folket på vår langstrekte kyst har i si tid busett seg der for å leva av dei ressursane jord og fjord kan gi. Det er og proklamert frå vårt Storting at fisken tilhøyrer det norske folk.

Fisken har vore ein større eller mindre del av levebrødet til så godt som kvar einaste ein av oss som er bufaste langs v år langstrekte kyst, frå svenskegrensa i sør til Grensejakobs elv i nord.

Nå blir dette plukka frå oss bit for bit. Snart er me alle proklamerte kriminelle så snart me nærmar oss havet med eit fiskesnøre.

Alle veit at me ikkje har rett til å selja det me har lånt. Men trålarflåten starta utan lov og rett å selja dyrebare kvotar dei hadde til låns av fellesskapets ressursar, utan at staten greip inn.

Dette er eit langsamt ran som framleis går føre seg for fullt, med det som mål å få samla resten av fisken i kvotar på store kostbare sjarkar, og den siste småfiskaren skvist ut av feltet. I dag disponerer den store havgåande flåten minst halvparten av all norsk fisk. Dette er den største ulukka som har drabba norsk fiskeri.

Det er ikkje rart det blir rift om dei restane som framleis er tilgjengelege for småsjarkane i open gruppe.

Eg viser til FN-rapporten: «In dead water», som konkluderer med at trålfiske er meir destruktivt enn alle andre fiskereiskap til saman. Rapporten tilrår eit globalt forbod mot trål. Stortinget må ta tilbake styringa med fiskeressursane.

Det vil kosta, men lite i forhold til å la norske oligarkar sitja med suger øyret ned i vårt fiskerike hav og leggja premissane for norsk fiskeripolitikk til evig tid, på kostnad av det norske folk.