Gjestekommentar

Skrevet av styreleder i Salmar Aker Ocean,, Atle Eide. Han er en av IntraFish sine faste gjesteskribenter. De øvrige er: Halfdan Mellbye i advokatfirmaet Sands, oppdretter Sondre Eide, ulike bidragsytere fra Sjømat Norge, Dag Sletmo – rådgiver i DNB Seafood, økonomiprofessor Bård Misund og ulike bidragsytere fra Havforskningsinstituttet.

Matproduksjon i sjø og lakseoppdrett er midt i ei grøn og berekraftig omstilling. Det får ikkje alltid like stor merksemd, men endringar skjer i rekordtempo. Berre i 2020 kutta vår bedrift 10 millionar kg CO2 utslepp. Mange sjømataktørar gjer store skritt kvar einaste dag.

Samfunnsdebatten rundt oppdrettsnæringa er ofte problemdrevet. Da er forståeleg at utfordringane næringa har hatt får merksemd, men me må av og til sjå på dei positive sidene norsk sjømatnæring har for klima, berekraft, global matproduksjon og norsk verdiskaping.

Sondre Eide i Eide Fjordbruk Foto: Joar Grindheim

Blå matproduksjon

Oppdrettslaks har allereie eit langt lågare klimaavtrykk enn andre animalske proteinkjelder. Me klarte å redusere våre faktiske utslepp med 30 prosent samtidig som me produserte verdas fyrste karbonnøytrale laks. Det skal me gjere meir av.

Den kraftige reduksjonen i utslepp kjem, blant anna av satsing på nye fôringridiensar, big data, elektrifisering av anlegg og infrastruktur. Men me skal lenger, og gjer oss ikkje før heile vår verdikjede er klimanøytral. Derfor får me laga eit eige klimarekneskap som måler utviklinga me har år for år. Det gjer at me heile tida kan gjere gode grep for å bli meir effektive og prioritere kor kutta gjer best reduksjon.

Me vert stadig fleire på jorda, og felles for oss alle er at me treng mat. Det å produsere nok mat, med lågast mogleg karbonavtrykk, er ein føresetnad for at verda skal nå sine klimamål.

Med dagens og aukande avtrykk er me heilt nøydd til å sjå inn i havrommet. Når me i tillegg veit at havet står for 99 % av potensialet for areal som er eigna for matproduksjon, mens berre 2 % av verdas konsumerte kaloriar kjem frå havet, seie da seg sjølv kor framtida ligg. Skal me produsera nok mat, samtidig som klimamåla skal nåast, er langt meir mat nøydd til å komma frå havet.

Framtida ligg i havrommet

Det er tre hovudgrunnar til at framtidas matproduksjon må komme frå havet. Det er eit enormt areal, det gjer mindre klimautslepp og det gjer mindre naturinngrep. Ein lyt sjølvsagt utnytta naturressursane på ein berekraftig og rettferdig måte, slik at ein overlèt havet med same kvalitet til neste generasjon. Forholdena ligg til rette, men Noreg må vise veg.

For å ta i bruk havet fullt ut, vil det krevje storstilt teknologisk utvikling. For Noreg vil dette blant anna omfatte havkonstruksjoner og infrastruktur, lukka anlegg som tar vare på norske fortrinn i eit meir kontrollert miljø, Big data som kan styre utviklinga og sette inn gode tiltak i tide. Searis, er ei eit godt eksempel på det siste, eit norsk grundereventyr med utspring frå NTNU i Trondheim, produktet deirans, Clarify, er verdsleiande innan det å gjere stordata og menneskeleg data om til industrielle prediksjonar og betre avgjerder.

Men kanskje den største klimautfordringa vår bransje står ovanfor er utviklinga av nye råstoff til bruk i fiskefôr. I vår bedrift stammar over 90 prosent av vårt gjenværeande karbonavtrykk frå fiskefôret vårt. Me har kutta mykje av utsleppet, men det å finne nye berekraftige fôringridiensar er oppdrettsbransjens viktigaste oppgåve for å redusere våre utslepp.

I Eide har me kjøpt ein forsøksstasjon for fôrråvarer, og ynskjer å vere med å bidra saman med norske leiande forskingsmiljø til å eliminere karbon avtrykket frå fiskefôr, samstundes som fôret gjer god fiskevelferd.

Framtida er her no

Da som er fantastisk, er at framtida allereie er her. Teknologisk er moglegheitene for å auke bruken av da enorme havrommet til stades. Norsk kunnskap, kapital og teknologi er i førarsetet når da gjeld moglegheitsrommet i havet. Her trengst da berre at myndigheitene legg til rette for teknologiutvikling som styrker havnasjonen Noreg og berekraftig matproduksjon.

For eksempel trengst det eit system som aukar teknologiutviklinga av lukka flytande anlegg og rasjonalisere desse anlegga. I dag stimulerer staten lukka anlegg til å ligge på land. Dette medfører eit høgare energibehov, irreversible naturinngrep og teknologiutvikling som driv produksjon ut av Noreg. Då bør ein heller stimulerer til reversibel flytande teknologi som held laksen borte frå lusa og samlar slam. Om ein kan oppnå same miljøeffektar flytande med teknologiutvikling er det merkverdig at konsesjonssystemet i havnasjonen Noreg favoriserer landbaserte konsept.

Karbonnøytral matproduksjon

Me er stolt av å vere verdas fyrste produsent av karbonnøytral laks, og me er stolte av å vere ein del av ein so offensiv bransje der eit mangfald av ulike selskap driv utviklinga av næringa framover kvar einaste dag. Det er mange aktørar som innoverer og utviklar nye løysingar som i fellesskap gjere at norsk marin matproduksjon kan verte ein enda viktigare del av løysinga verda treng. Både for å redusera klimautslepp, og for å mette verdas aukande befolkning.

Det er framleis utfordringar som står att. Det er viktig at da rettas fokus på dei tinga som må bli betre, det driv oss. Men av og til er det også bra å minne oss sjølv om at norsk sjømat faktisk er det verda trenger meir av.